1Halleluja! Prisa Herren, for han er god, hans miskunn varer æveleg.
2Kven kann fullt ut nemna Herrens veldige verk, forkynna alt hans lov?
3Sæle er dei som tek vare på det som rett er, den som gjer rettferd til kvar tid!
4Herre, kom meg i hug med den godhug du hev for ditt folk, sjå til meg med di frelsa,
5so eg kann skoda lukka åt dine utvalde, gleda meg med ditt folks gleda, rosa meg med din arv!
6Me hev synda med våre feder, me hev gjort ille, me hev vore ugudlege.
7Våre feder i Egyptarland akta ikkje på dine under, dei kom ikkje i hug dine mange nådegjerningar, men var trassige ved havet, ved Raudehavet.
8Men endå frelste han dei for sitt namn skuld, av di han vilde kunngjera si makt,
9og han truga Raudehavet so det vart turt, og han let dei ganga gjenom djupi som gjenom ei øydemark,
10og han frelste dei or hans hand som hata dei, og løyste dei ut or fiendehand,
11og vatnet gøymde deira motstandarar, ikkje ein vart att av dei.
12Då trudde dei på ordi hans, då song dei hans lov.
13Men snart gløymde dei hans gjerningar, dei bia ikkje på hans råd;
14men dei fekk ei fysa i seg i øydemarki, og dei freista Gud på den ubygde staden.
15Då gav han dei det dei vilde hava, men sende tærande sjukdom yver deira liv.
16Og dei vart ovundsjuke på Moses i lægret, på Aron, Herrens heilage.
17Då opna jordi seg og gløypte Datan, og ho let seg att yver flokken åt Abiram,
18og det kveiktest eld på flokken deira, ein loge brende upp dei ugudlege.
19Dei gjorde ein kalv ved Horeb og tilbad eit støypt bilete,
20og dei bytte burt si æra for biletet av ein ukse, som et gras. /
21Dei gløymde Gud, sin frelsar, som hadde gjort store ting i Egyptarland,
22undergjerningar i Kams land, skræmelege ting ved Raudehavet.
23Og han tenktest til å tyna dei, dersom ikkje Moses, hans utvalde, hadde kasta seg imillom for hans åsyn til å avvenda hans vreide, so han ikkje skulde øydeleggja dei.
24Og dei vanvyrde det herlege landet, dei trudde ikkje ordet hans,
25og dei mukka i sine tjeld, dei høyrde ikkje på Herrens røyst.
26Då lyfte han si hand og svor at han vilde slå dei ned i øydemarki
27og slå deira etterkomarar ned millom heidningane og spreida dei kring i landi.
28Og dei tydde seg til Ba'al-Peor og åt av offer til dei daude, /
29og dei vekte harm ved si åtferd, og ei sott braut inn millom dei.
30Då stod Pinehas fram og heldt dom, og sotti stana;
31og det vart rekna han til rettferd frå ætt til ætt æveleg.
32Og dei vekte vreide ved Meribavatnet, og det gjekk Moses ille for deira skuld;
33for dei var trassige mot hans Ande, og han tala tankelaust med sine lippor. /
34Dei øydela ikkje dei folki som Herren hadde tala med dei um,
35men dei blanda seg med heidningane og lærde deira gjerningar,
36og dei tente deira avgudar, og desse vart til ei snara for dei,
37og dei ofra sine søner og døtter til maktene, /
38og dei rende ut skuldlaust blod, blod av sine søner og døtter, som dei ofra til Kana'ans avgudar, og landet vart vanhelga med blod.
39Dei vart ureine ved sine gjerningar og dreiv hor ved si åtferd.
40Då loga Herrens vreide upp imot hans folk og han stygdest ved sin arv.
41Og han gav dei i hendene på heidningar, og dei som hata dei, vart herrar yver dei,
42og deira fiendar trengde dei, og dei laut bøygja seg under deira hand.
43Mange gonger fria han dei ut, men dei var trassige og sjølvrådige, og dei kom reint i vesaldom for si misgjerning.
44Og han såg til dei når dei var i naud, med di han høyrde deira klagerop.
45Og i sin godleik mot dei kom han i hug si pakt, og han ynkast etter si store miskunn,
46og han let dei finna miskunn hjå alle som hadde fanga dei.
47Frels oss, Herre vår Gud, og samla oss frå heidningane, so me fær prisa ditt heilage namn, rosa oss av di me kann prisa deg!
48Lova vere Herren, Israels Gud, frå æva og til æva! Og alt folket segjer: Amen. Halleluja!