1Prisa Herren, kalla på hans namn! Kunngjer millom folkeslagi hans storverk!
2Syng for han, syng han lov, grunda på alle hans under!
3Rosa dykk av hans heilage namn! Hjarta glede seg hjå dei som søkjer Herren!
4Spør etter Herren og hans makt, søk hans åsyn alltid!
5Kom i hug hans under som han hev gjort, hans undergjerningar og domsordi frå hans munn,
6de, etterkomarar av Abraham, hans tenar, born åt Jakob, hans utvalde!
7Han er Herren, vår Gud, yver all jordi gjeng hans domar.
8Han kjem æveleg i hug si pakt, det ordet han sette fast for tusund ætter,
9den pakti han gjorde med Abraham, og sin eid til Isak;
10og han gjorde henne til ein rett for Jakob, ei æveleg pakt for Israel,
11med di han sa: Deg vil eg gjeva Kana'anslandet til arvlut.
12Då dei var ein liten flokk, få og framande der,
13og vandra frå folk til folk, frå eitt rike til eit anna folk,
14let han ingen mann få gjera valdsverk mot dei, og han refste kongar for deira skuld:
15Rør ikkje dei eg hev salva, og gjer ikkje mine profetar noko til meins!
16Og han kalla hunger inn yver landet, kvar studnad av brød braut han sund. /
17Han sende ein mann fyre dei, til træl vart Josef seld.
18Dei plaga hans føter med lekkjor, hans sjel vart lagd i jarn, /
19til den tid då hans ord slo til, då Herrens ord viste at han var skuldlaus.
20Då sende kongen bod og løyste han, han som rådde yver folkeslag, gav han fri.
21Han sette han til herre yver sitt hus, til å råda yver all hans eigedom,
22so han skulde binda hans hovdingar etter sin vilje og læra hans eldste visdom.
23So kom Israel til Egyptarland, og Jakob budde som gjest i Kams land.
24Og han let folket sitt aukast mykje og gjorde det sterkare enn fiendane. /
25Deira hjarto vende han um, so dei hata hans folk og for med svik mot hans tenarar.
26Han sende Moses, sin tenar, Aron som han hadde valt ut.
27Dei gjorde hans teikn imillom dei og under i Kams land.
28Han sende myrker og gjorde det myrkt, og dei var ikkje ulydige imot hans ord.
29Han gjorde vatni deira til blod, og han drap deira fiskar.
30Det urde med frosk i landet deira, jamvel i salane åt deira kongar.
31Han tala, og det kom flugesvermar, my i heile landet deira.
32Han gav dei hagl for regn, logande eld i landet deira,
33og han slo ned deira vintre og fiketre, og braut trei sund i landet deira.
34Han tala, og det kom engsprettor og gnagarar i uteljande mengd, /
35og dei åt upp all groe i deira land, og dei åt upp grøda på marki deira.
36Og han slo alt fyrstefødt i landet deira, fyrstegrøda av all deira kraft.
37Og han førde dei ut med sylv og gull, og det var ingen i hans ætter som snåva.
38Egyptarland gledde seg då dei drog ut; for redsla for dei hadde falle yver dei.
39Han breidde ut ei sky til skygge og eld til å lysa um natti.
40Dei kravde, og han let enghønor koma, og med himmelbrød metta han dei.
41Han opna berget, og vatn rann ut; det gjekk som ei elv gjenom turrlendet.
42For han kom i hug sitt heilage ord, Abraham, sin tenar,
43og han førde sitt folk ut med gleda, sine utvalde med fagnadrop,
44og han gav dei landi åt heidningfolk, og det som folkeslag hadde vunne med møda, eigna dei til seg,
45so dei skulde halda hans fyresegner og taka vare på hans lover. Halleluja!