1Lova Herren, mi sjel; Herre min Gud, du er ovleg stor, i høgd og herlegdom er du klædd.
2Han sveiper seg i ljos som i eit klædeplagg, han spanar ut himmelen som ein tjeldduk,
3han som timbrar sine høgsalar i vatni, han som gjer skyene til si vogn, som fer fram på vengene åt vinden.
4Han gjer vindar til sine englar og logande eld til sine tenarar.
5Han grunnfeste jordi på stolpane hennar, ho skal ikkje verta rikka i all æva.
6Djupe vatn hadde du lagt yver henne som eit klæde; yver fjelli stod vatni.
7For ditt trugsmål flydde dei, for ditt toremål skunda dei seg burt.
8Dei steig upp til fjelli, sokk ned i dalane, til den staden som du hadde grunnfest for dei.
9Ei grensa sette du, som dei ikkje skal skrida yver; dei skal ikkje atter leggja seg yver jordi.
10Han let kjeldor fløyma fram i dalane; millom fjelli renn dei.
11Dei vatnar alle villdyr på marki; villasni sløkkjer torsten sin.
12Yver dei bur fuglane i lufti; millom greinene syng dei.
13Han vatnar fjelli frå sine høge salar; jordi vert metta av den frukt du skaper.
14Gras let han gro for feet, og vokstrar til gagn for folk, til å få brød fram or jordi.
15Og vin gleder menneskehjarta, so han fær andletet til å skina meir enn olje, og brød styrkjer menneskehjarta.
16Herrens tre vert metta, Libanons sedrar som han hev sett,
17der fuglane byggjer reir, storken som hev sitt hus i cypressane.
18Dei høge fjelli er for steingeitene, bergskortone er til livd for fjellgrevlingane.
19Han gjorde månen til tidarmerke; soli kjenner si nedgangstid.
20Du sender myrker, og det vert natt; då krek alle villdyr i skogen fram.
21Ungløvone burar etter ran, og dei krev si føda av Gud.
22Soli renn; då dreg dei seg heim og legg seg inn i sine hol.
23Menneskja gjeng ut til si gjerning og til sitt arbeid alt til kvelds.
24Kor mange dine gjerningar er, Herre! Du gjorde dei alle med visdom; jordi er full av det du hev skapt.
25Sjå havet, det store og vide! Der krek det i uteljande mengd av dyr, både små og store.
26Der gjeng skipi, Leviatan, som du laga til å leika seg der. /
27Alle ventar dei på deg, at du skal gjeva dei føda i si tid.
28Du gjev dei, dei sankar; du let upp handi, dei vert metta med godt.
29Du løyner ditt andlet, dei vert forskræmde; du tek burt deira ande, dei døyr og vender attende til dusti si.
30Du sender ut din Ande, dei vert skapte, du nyar upp att skapnaden åt jordi.
31Herrens æra vare æveleg! Herren glede seg i sine gjerningar!
32Han som skodar på jordi, og ho skjelv, han som rører fjelli, og dei ryk.
33Eg vil lovsyngja Herren so lenge eg lever; eg vil syngja for min Gud so lenge eg er til.
34Gjev min tale kunde tekkjast han! Eg vil gleda meg i Herren.
35Gjev syndarar måtte kverva burt frå jordi, og ugudlege ikkje lenger finnast! Lova Herren, mi sjel! Halleluja /