Psalms 103NO1938N

1Av David. / Lova Herren, mi sjel, og alt som i meg er, love hans heilage hamn!

2Lova Herren, mi sjel, og gløym ikkje alle hans velgjerningar!

3Han som tilgjev all di skuld, som lækjer alle dine sjukdomar,

4han som løyser ditt liv frå gravi, han som kryner deg med nåde og miskunn,

5han som mettar di sjel med det som godt er, so du vert ung att som ørnen. /

6Herren gjer rettferdsverk og rett mot alle som er trælka.

7Han kunngjorde sine vegar for Moses, sine gjerningar for Israels born.

8Miskunnsam og nådig er Herren, langmodig og rik på miskunn.

9Han trettar ikkje alltid og gøymer ikkje æveleg på vreide.

10Han gjer ikkje med oss etter våre synder og gjev oss ikkje det me er verde for våre misgjerningar.

11For so høg som himmelen er yver jordi, so er hans miskunn veldig yver dei som ottast han.

12So langt som aust er frå vest, let han våre misgjerningar vera burte frå oss.

13Som ein far miskunnar borni sine, so miskunnar Herren dei som ottast han.

14For han veit kva slag skapning me er, han kjem i hug at me er dust.

15Eit menneske, som graset er hans dagar; som blomen på marki, soleis blømer han.

16Når vinden fer yver han, er han ikkje meir, og staden hans veit ikkje meir av han.

17Men Herrens miskunn er frå æva og til æva yver dei som ottast han, og hans rettferd er mot barneborn,

18mot dei som held hans pakt, og som kjem i hug hans fyresegner, so dei lever etter dei.

19Herren hev reist sin kongsstol i himmelen, og hans rike råder yver alle ting.

20Lova Herren, de hans englar, de veldige kjempor, som set hans ord i verk, med di de lyder røysti av hans ord!

21Lova Herren, alle hans herar, de hans tenarar som gjer hans vilje!

22Lova Herren, alle hans verk, på alle stader i hans rike! Lova Herren mi sjel!

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Psalms 103.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.