1Prisa Herren, for han er god, hans miskunn varer æveleg.
2So segjer Herrens utløyste, dei som han hev løyst ut or naudi,
3og som han hev sanka i hop frå landi, frå aust og frå vest, frå nord og på havet.
4Dei for vilt i øydemarki, i veglause heidi, dei fann ingen by til å bu i.
5Svoltne og tyrste var dei, deira sjel ormektast i dei.
6Då ropa dei til Herren i si naud; or deira trengslor fria han dei ut,
7og han førde dei på rett veg, so dei gjekk til ein by dei kunde bu i.
8Dei skal prisa Herren for hans miskunn og for hans under mot mannsborni;
9for han metta den sjel som vilde ormektast, og den hungrige sjel fyllte han med godt.
10Dei sat i myrker og daudeskugge, bundne i stakkarsdom og jarn,
11av di dei hadde trassa mot Guds ord og vanvyrdt rådene åt den Høgste.
12Og han bøygde deira hjarto med liding; dei snåva, og der var ingen hjelpar.
13Då ropa dei til Herren i si naud; or deira trengslor frelste han dei.
14Han førde dei ut or myrker og daudeskugge, og deira band reiv han sund.
15Dei skal prisa Herren for hans miskunn og for hans under mot mannsborni;
16for han krasa koparportar og hogg sund jarnbommar.
17Dei var dårar og vart plaga for sin brotsveg og for sine misgjerningar;
18all mat baud deira sjel imot, og dei kom nær til daudens portar.
19Då ropa dei til Herren i si naud; or deira trengslor frelste han dei.
20Han sende sitt ord og lækte dei og berga dei frå deira graver.
21Dei skal prisa Herren for hans miskunn og for hans under mot mannsborni
22og ofra takkoffer og fortelja um hans verk med fagnad.
23Dei som for ut på havet med skip, som dreiv handel på store vatn,
24dei såg Herrens gjerningar og hans underverk på djupet.
25Han tala og let det koma ein stormvind, og den reiste havsens bylgjor.
26Dei for upp imot himmelen, dei for ned i djupet, deira sjel miste modet i ulukka.
27Dei raga og tumla som drukne, og all deira visdom vart til inkjes.
28Då ropa dei til Herren i si naud, or deira trengslor førde han dei ut.
29Han let storm verta til stilla, og bylgjone kringum dei tagna.
30Og dei vart glade då det stilna; og han førde dei til den hamni dei ynskte.
31Dei skal prisa Herren for hans miskunn og for hans under mot mannsborni
32og høglova han når folket er samla, og lovsyngja han der som dei gamle sit.
33Han gjorde elvar til ei øydemark, og vasskjeldor til eit turrlende,
34grøderikt land til ei saltheid for deira vondskap skuld som budde der.
35Han gjorde øydemark til ein vassrik sjø og turrlende til vasskjeldor. /
36Og han let dei svoltne bu der, og dei bygde ein by til å bu i.
37Og dei sådde åkrar og planta vinhagar, og dei fekk den grøda dei bar.
38Og han velsigna dei, og dei auka mykje, og av fe gav han dei ikkje lite.
39So minka dei att og vart nedbøygde av trengsla og ulukka og sorg.
40Han som renner ut vanvyrdnad yver hovdingar og let dei villast i veglaus øydemark,
41han lyfte upp den fatige or vesaldomen og auka ættene som ei hjord.
42Dei ærlege ser det og gleder seg, og all vondskap let att sin munn.
43Den som er vis, han gjeve gaum etter dette og merke Herrens nådegjerningar!