1Ein mann som etter mykje refsing endå er ein stivnakke, vil brått verta broten ulækjeleg sund.
2Når dei rettferdige kjem til makti, gled folket seg; men når ein ugudleg mann råder, sukkar folket.
3Ein mann som elskar visdom, gleder far sin; men den som hev lag med skjøkjor, øyder eiga si.
4Ein konge tryggjer landet sitt med rett; men ein mann som tek imot reidor, legg det i øyde.
5Ein mann som smeikjer for næsten sin, breider ut eit garn for foten hans.
6Ein vond manns misgjerd er ei snara for han, men den rettferdige skal fegnast og gleda seg.
7Den rettferdige syter for småfolks sak; den ugudlege hev ikkje vit på noko.
8Spottarar øser upp ein by, men vismenner stiller vreiden.
9Når ein vismann fører sak mot ein dåre, vert dåren sinna og lær, og det vert ikkje fred.
10Dei blodfuse hatar den lastelause, men dei ærlege freistar å berga hans liv.
11Alt sitt sinne slepper dåren ut, men vismannen held sinnet att og døyver det.
12Ein hovding som aktar på lygneord, fær berre ugudlege tenarar.
13Fatigmann og valdsmann råkast; Herren gjev dei båe augneljos.
14Ein konge som dømer småfolk rett, hans kongsstol stend fast for alle tider.
15Ris og age gjev visdom; men ein van-aga gut fører skam yver mor si.
16Når dei ugudlege fær makt, fær syndi makt; men dei rettferdige skal sjå på deira fall med hugnad.
17Aga son din, so vert han deg til hugnad og kveikjer sjeli di.
18Utan profetsyn vert folket agelaust; men sæl er den som held lovi.
19Med ord let trælen seg ikkje aga; for han skynar dei vel, men lyder dei ikkje.
20Ser du ein mann som er snar til å tala - det er større von for dåren enn for han.
21Kjæler ein trælen sin upp frå hans ungdom, so vil han til slutt vera son i huset.
22Snarsint mann valdar tretta, og brålyndt mann gjer mang ei misgjerd.
23Mannsens ovmod fører han til fall, men den audmjuke vinn seg æra.
24Den som helar med tjuven, hatar sitt liv; han høyrer dei tek han i eid, men gjev ingi vitring.
25Otte for menneske fører i snara, men den som lit på Herren, vert berga.
26Mange søkjer godhug hjå ein hovding, men frå Herren fær mannen sin rett.
27Ein urettferdig mann er ein styggedom for dei rettferdige, og ein styggedom for den ugudlege er den som lever rett.