1Ord av Agur Jakeson, framsegni hans. So sa mannen til Itiel, til Itiel og Ukkal:
2Eg er for fåvis til å heita menneske; det er ikkje manns vit i meg.
3Visdom hev eg ikkje lært, eg hev 'kje kunnskap um den Heilage.
4Kven for upp til himmelen, og ned att? Kven samla vinden inn i nevane? Kven batt vatnet i eit klædeplagg? Kven sette alle jordheims grensor? Kva heiter han, kva heiter son hans? Du veit det då.
5Alt Guds ord er skirt; han er ein skjold for dei som flyr til han.
6Legg ikkje noko til hans ord! Elles lyt han refsa deg, og du stend der ein ljugar.
7Tvo ting bed eg deg um, neitta meg dei ikkje, fyrr eg døyr:
8Lat fals og lygn vera langt frå meg! Gjev meg ikkje armod og ikkje rikdom! Lat meg eta mitt tiletla brød!
9Elles kunde eg neitta deg når eg var mett, og segja: Kven er Herren? Eller um eg vart fatig, kunde eg stela og banna namnet åt min Gud.
10Baktala ikkje ein tenar for hans husbond, elles vil han banna deg, og du fær skuld på deg.
11Det finst ei ætt som bannar far sin og ikkje signar mor si,
12ei ætt som tykkjer ho er rein, endå ho ikkje hev tvætta av sitt eige skarn,
13ei ætt - kor stolte augo hev ho ikkje, og kor ho lyfter augneloki! -
14ei ætt med sverd til tenner og jakslar reint som knivar, so ho et armingar or landet og fatige or folkesamfund.
15Blodiglen hev tvo døtter: Gjev! Gjev! Det finst tri som aldri vert mette, fire som aldri segjer: Nok!
16Det er helheim og barnlaust morsfang, jordi, som aldri vert mett av vatn, og elden, som aldri segjer: Nok!
17Eit auga som spottar far og vanvyrder lydnad mot mor, det skal ramnane ved bekken hakka ut og ørnungar eta upp.
18Tri ting er meg for underlege, og fire finst som eg ikkje skynar:
19Ørns veg på himmelen, orms veg på berget, skips veg på havet og manns veg til ei møy.
20Soleis ber utru kona seg åt: Ho et og turkar seg um munnen og segjer: Eg hev ikkje gjort noko vondt.
21Under tri skjelv jordi, under fire kann ho ikkje herda:
22under trælen når han vert konge, og dåren når han fær eta seg mett,
23under attergløyma når ho vert gift, og tenestgjenta når ho erver si matmor.
24Det finst fire som er små på jordi og like vel hev fenge ovstor visdom:
25Mauren er ikkje noko sterkt folk, og endå lagar han sin mat um sumaren;
26fjellgrevlingane er eit folk med liti kraft, og endå byggjer dei seg hus i berget;
27grashoppane hev ingen konge, og endå dreg dei alle ut, flokk etter flokk;
28fjorføtla kann du taka med hendene, og endå held ho til i kongeslott.
29Det finst tri som stig med staute steg, og fire hev ei fager gonga:
30Løva, som er ei kjempa millom dyri, og som ikkje snur for nokon,
31hesten med gjord um lendene, bukken, og ein konge i brodden for sitt folk.
32Hev du fare som ein dåre og gjort deg stor, eller hev du tenkt på vondt, so legg handi på munnen!
33For trykk på mjølk gjev smør, og trykk på nase gjev blod, og trykk på vreide gjev tretta.