1Rosa deg ikkje av morgondagen, for du veit ikkje kva dagen ber i fang!
2Lat ein annan rosa deg og ikkje din eigen munn, ein framand og ikkje dine eigne lippor!
3Stein er tung, og sand veg mykje, men tyngre enn båe er dåreharm.
4Vreide er fælsleg, og harm er ein flaum; men kven kann standa seg mot ovund?
5Betre er openberrleg refsing enn kjærleik som held seg duld.
6Trugne er slag av venehand, men svikefulle uvens kyssar.
7Den mette vandar honning, men den svoltne tykkjer alt beiskt er søtt.
8Lik ein sporv som flyg ikring burte frå reiret sitt, er ein mann som flakkar um burte frå heimen sin.
9Olje og røykjelse gled hjarta, so og ein ven som er vyrk og gjev ærlege råder.
10Slepp ikkje frå deg din ven og venen åt far din, og gakk ikkje heim til bror din når du er i naud! Ein granne nær attmed er betre enn ein bror langt burte.
11Ver vis, min son, og gled mitt hjarta, so eg kann svara den som spottar meg!
12Den kloke ser fåren og gøymer seg; dei urøynde held fram og lyt bøta.
13Tak klædi hans, for han hev borga for ein annan, og panta han for framand kvinna skuld!
14Den som høgmælt signar sin ven um morgonen tidleg, han skal få det tilrekna som ei forbanning.
15Si-drop frå taket ein regndag og ei trettekjær kvinna likjest kvarandre.
16Den som held på henne, held på vind, og høgre handi hans triv i olje.
17Jarn sliper jarn, og den eine mannen sliper den andre.
18Den som aktar fiketreet sitt, fær eta frukti av det, og den som er vyrk for herren sin, fær æra.
19Som andlet speglar seg mot andlet i vatnet, so finn det eine mennesket sitt hjarta att hjå hitt.
20Helheim og avgrunn vert ikkje mette, og menneskeaugo fær aldri nok.
21Diglen røyner sylvet og omnen gullet, og ein mann vert røynd etter det han rosar.
22Um du støyter dåren i morteren med støytaren i hop med gryni, so vik ikkje dårskapen frå han for det.
23Du bør vita grant korleis sauene dine ser ut; syt vel for buskapen din!
24For velstand varer ikkje æveleg, og ikkje ei kruna frå ætt til ætt.
25Når høyet er burte, og håi kjem att, og fjellgras vert sanka i hop,
26då hev du lamb til klæde og bukkar til å kjøpa deg åker for,
27og nøgdi av geitemjølk hev du til mat for deg og ditt hus og til livsupphald for gjentone dine.