1Som snø um sumaren og regn i skurden, so høver æra for ein dåre.
2Som sporven flaksar burt og svala flyg, so råkar ikkje grunnlaus forbanning.
3Svepa til hesten, taum til asnet, og ris til ryggen på dårar!
4Svara ikkje dåren etter hans dårskap, so du ikkje sjølv skal verta lik han!
5Svara dåren etter hans dårskap, so han ikkje skal tykkja han sjølv er vis!
6Den som sender bod med ein dåre, han høgg føtene av seg, han lyt tola låk medferd.
7Visne heng føtene på den lame, so og ordtak i munnen på dårar.
8Lik den som legg ein stein i slyngja, er den som gjev ein dåre æra.
9Som klungergrein i handi på drukken mann, so er ordtak i munnen på dårar.
10Ein meister fær alt i stand, men den som leiger ein dåre, er lik den som leiger ein som fer framum.
11Lik hunden som vender att til si eiga spya, er ein dåre som kjem att med dårskapen sin.
12Ser du ein mann som tykkjer sjølv at han er vis, då er det større von for dåren enn for han.
13Letingen segjer: Det er ei løva på vegen, ei løva i gatone.
14Døri snur seg på gjengi, og letingen snur seg i sengi.
15Den late stikk si hand i fatet, men idest ikkje taka henne upp til munnen att.
16Letingen tykkjest visare vera enn sju som gjev vituge svar.
17Lik ein som triv i øyro på framumfarande hund, er den som ryk upp i sinne for tretta som ikkje kjem han ved.
18Lik ein galen mann som kastar brandpilar og skyt og drep,
19er ein mann som hev svike venen sin og segjer: Eg gjorde det berre på gaman.
20Når veden tryt, so sloknar elden, og når baktalaren er burte, stoggar tretta.
21Som kol vert til glør, og som ved nører eld, so kveikjer kranglaren kiv.
22Baktalar-ord er som lostemat, og dei sig ned i inste hjarta.
23Som sylvglasering på ei leirskål er brennande lippor når hjarta er vondt.
24Med lippone skaper ein uven seg til, men inni seg gøymer han svik.
25Gjer han seg blidmælt, so tru han ikkje! For sju slag styggedom bur i hans hjarta.
26Hataren dyl seg i svik, men hans vondskap ter seg i folkemugen.
27Den som grev ei grav, skal stupa nedi, og den som velter upp ein stein, skal få han yver seg att.
28Ei ljugartunga hatar dei som ho hev krasa, og den sleipe munnen valdar fall.