Proverbs 25NO1938N

1Dette er og ordtøke av Salomo, og av mennene åt Esekias, Juda-kongen, hev samla dei:

2Guds æra er å dylja ei sak, men kongars æra å granska ei sak.

3Himmelhøgd og jord-dypt og konge-hjarto kann ingen granska ut.

4Skil slagget frå sylvet, so fær gullsmeden ei skål av det.

5Få den ugudlege burt frå kongen, so vert hans kongsstol fast ved rettferd.

6Briska deg ikkje for kongen, og stig ikkje fram på storfolks stad!

7For det er betre dei segjer til deg: Kom her upp, enn at du vert nedflutt for ein stormann, som du hadde set.

8Ver ikkje for snar til å reisa sak, so ingen skal segja: Kva vil du gjera til slutt når din motpart vinn saki til skam for deg?

9Før di sak med motparten din, men ber ikkje ut ein annan manns løyndom!

10For elles vil den som høyrer det, skjella deg ut, og du vil alltid få låkt ord på deg.

11Som eple av gull i skåler av sylv er eit ord som ein talar i rette tid.

12Som ein ring av gull, som ei fingull-sylgja er ein vismann som refser for høyrande øyra.

13Som svalande snø ein skurdonne-dag er ein tru bodberar for dei som sender han; han kveikjer sjeli åt herren sin.

14Som skyer og vind utan regn er ein mann som kyter av gåvor han ikkje gjev.

15Ved tolmod vert hovdingen yvertald, og den linne tunga bryt bein.

16Finn du honning, so et det du treng, so du ikkje skal leidast av han og spy han ut!

17Set sjeldan din fot i huset åt venen din, so han ikkje skal verta leid deg og hata deg.

18Som hamar og sverd og kvasse pil er den som vitnar rangt mot sin næste.

19Som roti tonn og ustød fot er lit til utru mann på trengsle-dagen.

20Lik ein som kastar klædi ein vinterdag, lik eddik på natron er den som syng visor for sorgfullt hjarta.

21Er din fiende svolten, so gjev han mat, og er han tyrst, so gjev han drikka!

22Då sankar du gloande kol på hans hovud, og Herren skal løna deg for det.

23Nordavind føder regn, og ei tunga som kviskrar i løynd, valdar sure minor.

24Betre å bu i ei krå på taket enn hava hus i hop med trettekjær kvinna.

25Som friske vatnet for den trøytte, so er god tidend frå eit land langt burte.

26Som gruggi kjelda og ein utskjemd brunn, so er rettferdig mann som gjev etter for ein gudlaus.

27Eta for mykje honning er ikkje godt, og gruvlar-æra er tung å bera.

28Som ein by med murane brotne og burte er mannen som ikkje kann styra sin hug.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Proverbs 25.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.