1Ovunda ikkje vonde menneske, og hav ikkje hug til å vera med dei!
2For hjarta deira tenkjer berre på tyning, og um ulukka talar lippone deira.
3Med visdom byggjer ein hus, og med vit tryggjer ein det,
4og med kunnskap fær ein romi fulle av alle slag dyre og gilde ting.
5Ein vis mann er sterk, og ein kunnig mann aukar si kraft.
6Du skal søkja rettleiding når du fører krig; der det er mange rådgjevarar, gjeng det godt.
7Visdom heng for høgt for dåren; i porten let han ikkje upp sin munn.
8Den som tenkjer upp meinråder, han kallar me ein fuling.
9Dårskaps råd er synd, og spottaren er ein styggedom for folk.
10Ter du deg modlaus på trengsle-dagen, då er det smått med krafti di.
11Berga dei som dei hentar til dauden, og haldt att dei som dei dreg skjelvande til rettarstaden!
12Um du segjer: Me visste det ikkje, ser du - tru ikkje han som veg hjarto, skynar det, og han som aktar på sjeli di, veit det og løner kvar mann etter det han hev gjort?
13Et honning, son min, for den er god, og sjølvrunnen honning er søt for din gom!
14Likso gjæv skal du halda visdomen for sjeli di! Hev du funne han, so hev du ei framtid, og di von skal ikkje verta til inkjes.
15Ver ikkje so gudlaus at du lurer på rettferdig manns bustad, legg ikkje heimen hans i øyde!
16For sju gonger dett den rettferdige og stend upp att, men dei ugudlege stuper når ulukka kjem.
17Når din fiende fell, so gled deg ikkje, og når han snåvar, fegnast ikkje ditt hjarta!
18Elles vil Herren sjå det og mislika det, so han vender vreiden sin frå han.
19Harmast ikkje yver illgjerdsmenner, ovunda ikkje dei ugudlege!
20For dei vonde hev ingi framtid, lampa åt dei ugudlege sloknar.
21Ottast Herren, son min, og kongen! Gjev deg ikkje i lag med upprørsmenner!
22For brått kjem ulukka yver dei, og tyningi frå dei båe - kven veit um henne?
23Desse ordtøki er og av vismenner: Det er ikkje rett når domaren gjer mannemun.
24Segjer nokon til den som er saka: Du er saklaus, so vil folkeslagi banna han, folki ynskja vondt yver han;
25men dei som refsar han, gjeng det vel, og lukke og velsigning kjem yver dei.
26Ein kyss på lippone er det når einkvan gjev det rette svaret.
27Fullfør yrket ditt ute og gjer det frå deg på marki! Sidan kann du byggja huset ditt.
28Ver ikkje vitne mot næsten din utan grunn! Du vil vel ikkje svika med lippone dine?
29Seg ikkje: Som han hev gjort med meg, so vil eg gjera med han; eg vil løna kvar mann etter hans gjerning.
30Eg gjekk framum ein lat manns mark, vinhagen åt eit vitlaust menneske,
31og sjå, han var vaksen full av tistlar; grunnen var yvergrodd med netlor, og steingarden kringom var riven ned.
32Eg gådde det og akta på det; eg såg det og tok lærdom av det:
33[Segjer du:] Lat meg sova litt til, blunda litt til, leggja hendene i hop ei stund til og kvila -
34so kjem armodi på deg som ein farande fant, og naudi som skjoldvæpna mann.