1Når du sit til bords med ein hovding, so akta vel på kven du hev fyre deg,
2og set ein kniv på strupen din, i fall mathugen din er stor!
3Fys ikkje etter hans lostemat, for det er sviksam føda!
4Mød deg ikkje med å verta rik, sovoren klokskap skal du lata fara!
5Når du let augo fljuga etter rikdomen, so er han kvorven. For det er visst, han gjer seg venger, radt som ein ørn som flyg til himmels.
6Et ikkje brød hjå den ovundsame, og fys ikkje etter hans lostemat!
7For som han tenkjer i si sjel, so er han; han segjer til deg: Et og drikk! men hjarta hans er ikkje med deg.
8Den beten du hev ete, lyt du spy upp att, og du hev spilt dine fagre ord.
9For øyro på dåren skal du ikkje tala, for han vanvyrder dine kloke ord!
10Flyt ikkje gamal merkestein, og kom ikkje inn på åkrane åt farlause!
11For deira løysingsmann er sterk, han skal føra saki deira mot deg.
12Vend hjarta ditt til age og øyro dine til kunnskaps ord!
13Lat ikkje guten vera utan age! Slær du han med riset, skal han ikkje døy.
14Du slær han med riset, men du bergar sjeli hans frå helheim.
15Son min! Er hjarta ditt vist, so skal og mitt hjarta gleda seg,
16og eg skal fegnast i mitt inste når dine lippor talar det som rett er.
17Lat ikkje hjarta ditt ovunda syndarar, men alltid vera ihuga for gudlegdom!
18For då er du viss på ei framtid, og di von vert ikkje til inkjes.
19Høyr, son min, og vert vis og lat hjarta ditt ganga beint fram på vegen!
20Ver ikkje med millom vindrikkarar, millom dei som foret seg på kjøt!
21For drikkaren og storetaren vert fatig, og svevn klæder mannen i fillor.
22Høyr på far din, som gav deg livet, og vanvyrd ikkje mor di når ho vert gamal!
23Kjøp sanning og sel henne ikkje, kjøp visdom og age og vit!
24Far åt den rettferdige skal fegnast; den som fær ein vis son, skal få gleda av han.
25Lat far din og mor di gleda seg, og ho som fødde deg, fegnast!
26Son min! Gjev meg hjarta ditt, og lat dine augo lika mine vegar!
27For skjøkja er som djupe gravi, og den framande kvinna som tronge brunnen;
28ja, ho ligg på lur som ein ransmann, og ho aukar talet på utrue folk.
29Kven hev sorg? Kven hev sut? Kven hev tretta? Kven hev klagemål? Kven hev sår for ingen ting? Kven hev raude augo?
30Den som sit lenge uppe med vinen, dei som kjem og vil smaka på mjøden.
31Sjå ikkje på vinen, kor raud han er, kor vent han blenkjer i staupet, kor lett han renn ned!
32Sistpå sting han som ein slange og høgg som ein hoggorm;
33augo dine ser etter framande kvinnor, og hjarta ditt talar tull og tøv;
34du vert lik ein som søv midt ute på havet, lik ein som søv i toppen av mastri.
35[Då segjer du:] Dei slo meg, men det gjorde ikkje vondt; dei banka meg, men eg kjende det ikkje. Når skal eg vakna? Eg vil få tak i endå meir.