Proverbs 22NO1938N

1Eit godt namn er meir verdt enn stor rikdom; manntekkje er betre enn sylv og gull.

2Rik og fatig råkast, Herren hev skapt dei båe tvo.

3Den kloke ser fåren og gøymer seg, men dei urøynde held fram og lyt bøta.

4Løn for spaklynde og otte for Herren er rikdom og æra og liv.

5Klunger og snaror er på den vegen den falske gjeng; den som varar sitt liv, held seg burte frå dei.

6Lær guten vegen han skal ganga, so vik han ikkje frå han, jamvel når han eldest.

7Rikmannen råder yver fatigfolk, og den som fær lån, vert træl for den som gjev.

8Den som sår urett, skal hausta vondt, og hans vreide-ris fær ein ende.

9Den godhjarta vert velsigna av di han gav armingen av sitt brød.

10Jaga spottaren ut, so gjeng tretta med, og kiv og skjemsla fær ein ende.

11Den som elskar hjartans reinleik, og som talar vent, han hev kongen til ven.

12Herrens augo vernar den vituge, men ord frå den utrue gjer han um inkje.

13Letingen segjer: Det er ei løva der ute, eg kunde verta drepen midt på gata.

14Munnen åt framand kvinna er ei djup grav; den som Herren er harm på, fell nedi.

15Vitløysa er bundi fast til gutehjarta, men tukteriset driv henne burt.

16Er du hard med armingen, aukar du eiga hans; gjev du den rike, valdar du han berre tap.

17Lut øyra ned og høyr på ord av vismenn og vend ditt hjarta til min kunnskap!

18For det er godt at du tek vare på dei i ditt hjarta, og at dei alle ligg på dine lippor.

19Av di du skal lita på Herren, lærer eg deg i dag, just deg.

20Hev eg ikkje skrive upp åt deg fyndord med råder og kunnskap

21til å kunngjera deg det som rett er, sannings ord, so du kann svara dei som sender deg, med sanne ord?

22Plundra ikkje ein fatigmann, av di han er fatig, og trakka ikkje armingen ned i porten!

23For Herren skal føra saki deira og taka livet deira som tek noko frå dei.

24Haldt deg ikkje til vens med ein som snart vert vreid, og gjev deg ikkje i lag med ein bråsinna mann,

25so du ikkje skal venja deg til hans vegar og få sett ei snara for livet ditt!

26Ver ikkje millom dei som gjev handtak, millom dei som borgar for skuld!

27Når du inkje hev å betala med, kvifor skal dei då taka sengi di burt under deg?

28Flyt ikkje gamal merkestein som federne dine hev sett!

29Ser du ein mann som er dugleg i arbeidet - han kann koma til å tena kongar; han kjem ikkje til å tena småfolk.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Proverbs 22.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.