1Konge-hjarta er i Herrens hand som bekker, han vender det kvar helst han vil.
2Ein mann tykkjer at all hans ferd er rett, men det er Herren som prøver hjarto.
3At folk gjer rett og skil, er meir verdt for Herren enn offer.
4Stolte augo og ovmodigt hjarta - lampa åt ugudlege folk vert til synd for dei.
5Tankane hjå den annsame fører berre til vinning, men hastverk berre til tap.
6Den rikdom ein vinn med ljugartunga, er ein kvervande pust, og han fører til dauden.
7Den vald dei ugudlege gjer, skal riva dei sjølve burt, av di dei ikkje vilde gjera det som rett er.
8Skyldtyngd mann gjeng krokut veg, men den reine fer ærleg fram.
9Betre å bu i ei krå på taket enn hava hus i hop med trettekjær kvinna.
10Ugudleg manns sjel hev hug til det vonde; hans næste finn ikkje miskunn hjå han.
11Refser du spottaren, vert uvitingen vis, og lærer du vismannen, tek han mot kunnskap.
12Den Rettferdige aktar på gudløysings hus; han støyter dei gudlause ned i ulukka.
13Den som dytter øyra til for armings rop, han skal sjølv ropa og ikkje få svar.
14Gåva i løyndom stiller vreide, og gjeving i løynd stiller største harmen.
15Det er ei gleda for rettferdig mann å gjera rett, men ei redsla for illgjerningsmenner.
16Den som viller seg burt frå klokskaps veg, han skal hamna i skuggeheimen.
17Fatig vert den som elskar moro; den som elskar vin og olje, vert ikkje rik.
18Den ugudlege vert løysepengar for den rettferdige, og den utrue kjem i staden for dei ærlege.
19Betre å bu i eit øydeland enn hjå arg og trettekjær kvinna.
20Den vise hev dyre skattar og olje i huset, men dåren øyder det upp.
21Den som strevar etter rettferd og miskunn, han skal finna liv og rettferd og æra.
22Vismannen stormar ein by full av kjempor og bryt ned den borgi som byen leit på.
23Den som varar sin munn og si tunga, han friar sitt liv frå trengslor.
24Den kaute og stolte kallar me spottar; han fer fram med ofseleg ovmod.
25Lysti åt letingen drep honom sjølv, for hendene hans vil ingen ting gjera.
26Heile dagen er han full av trå; men den rettferdige gjev og sparer ikkje.
27Ein styggedom er det når gudlause folk kjem med offer, og endå meir når dei samstundes emnar på vondt.
28Eit ljugarvitne skal ganga til grunns, men ein mann som lyder etter, skal få tala alltid.
29Ein ugudleg mann ter seg skamlaus, men den ærlege gjeng vegen sin ende fram.
30Det finst ingen visdom og inkje vit og ingi råd imot Herren.
31Hesten vert budd til herferdsdagen, men sigeren kjem ifrå Herren.