Proverbs 20NO1938N

1Vinen er ein spottar, rusdrykken ein ståkar, og ingen som ragar av han, er vis.

2Den redsla kongen vekkjer, er som løveburing; den som argar han, set livet sitt på spel.

3Mannsens æra er å halda seg frå tretta, men kvar uviting glefser til.

4Letingen vil ikkje pløgja um hausten; i skurdonni leitar han fåfengt etter grøda.

5Tankane i mannsens hjarta er som djupt vatn, men ein vitug mann kann draga det upp.

6So mange ropar høgt, kvar um sin kjærleik; men kven finn vel ein mann som er å lita på?

7Den rettferdige ferdast ulastande; sæle er borni hans etter han.

8Ein konge som sit i domarsætet, skil ut alt vondt med augo sine.

9Kven kann segja: Eg hev reinsa hjarta, eg er fri frå syndi mi?

10Tvo slag vekt og tvo slag mål er båe tvo ein styggedom for Herren.

11Alt guten syner i si gjerd um ferdi hans vert rein og rett.

12Øyra som høyrer, og auga som ser - Herren hev skapt dei båe tvo.

13Elska ikkje svevn, for då vert du fatig! Lat upp augo, so fær du brød til mette.

14Klent, klent! segjer kjøparen; men når han gjeng burt, so rosar han seg.

15Vel finst det gull og mange perlor, men dyraste eiga er kunnige lippor.

16Tak klædi hans, for han hev borga for ein annan, og panta han for framande!

17Søtt er for mannen det brød han hev fenge med fals, men sidan vert munnen hans full av småstein.

18Råder fær framgang ved rådleggjing; søk då rettleiding når du fører krig!

19Den som fer med baktale, ber løyndomar ut, og den som er lausmynt, skal du ikkje hava noko med.

20Den som bannar far og mor, hans lampa skal slokna i kolmyrkret.

21Ein arv som ein i fyrstningi hev rive til seg, vert på slutten utan velsigning.

22Seg ikkje: Eg vil løna med vondt! Venta på Herren, so hjelper han deg!

23Tvo slag lodd er ein styggedom for Herren, og den falske vekti er noko vondt.

24Herren styrer mannsens steg; kor kann eit menneske skyna sin veg?

25Fårleg er det for eit menneske å vigsla eitkvart tankelaust og ikkje tenkja yver lovnaden fyrr etterpå.

26Ein vis konge skil ut dei ugudlege og let hjulet ganga yver dei.

27Åndi i mennesket er ei Herrens lampa; ho ransakar alle løynrom i hjarta.

28Miskunn og sannleik er ei vakt um kongen, og han styd sin kongsstol med miskunn.

29Ei pryda for ungdomar er deira kraft, og ei æra for dei gamle er grått hår.

30Ei tukteråd for dei vonde er flengjor og sår og slag, som kjennest i inste hjarta.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Proverbs 20.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.