1Betre er ein fatigmann som ferdast ulastande, enn ein mann med falske lippor, som attpå er ein dåre.
2Den som ikkje brukar umtanke, han og gjeng det gale, og den som er for snar på foten, stig i miss.
3Mannsens eigen dårskap øyder hans veg, men i sitt hjarta harmast han på Herren.
4Den som er rik, fær mange vener, den fatige vert skild frå venen sin.
5Det falske vitnet slepp ikkje refsing, og den som fer med lygn, kjem ikkje undan.
6Mange smeikjer for den gjæve, og kvar mann er ven med den rauste.
7Fatigmanns skyldfolk hatar han alle; enn meir held hans vener seg undan. Han fer etter ord som er inkjevetta.
8Den som vinn seg vit, han elskar sitt liv; den som tek vare på visdom, finn lukka.
9Det falske vitnet slepp ikkje refsing, og den som fer med lygn, skal tynast.
10Det høver ikkje for ein dåre å hava gode dagar, enn mindre for ein træl å råda yver fyrstar.
11Mannsens klokskap gjer han tolug, og det er hans æra å tilgjeva brot.
12Konge-harm er som når løva burar, men godhugen hans er som dogg i graset.
13Ein uvitug son er berre til ulukka for far sin, og kjerringtretta er som si-drop frå taket.
14Hus og gods er fedre-arv, men ei vitug kona er ei gåva frå Herren.
15Leta svæver tungt i svevn, og letingen skal svelta.
16Den som held bodet, held seg sjølv i live; den som ikkje ansar si åtferd, skal missa livet.
17Den som gjer miskunn mot armingen, låner til Herren, og Herren gjev han lika for hans velgjerning.
18Aga son din, for endå er det von; men lat deg ikkje driva til å drepa han!
19Den som er ovsinna, han bør bøta; for hjelper du han, lyt du gjera det uppatt.
20Høyr på råd og lat deg aga, so du til slutt kann verta vis!
21Mange tankar er i mannsens hjarta, men Herrens råd fær framgang.
22Mannsens miskunn er hans gleda, og fatig mann er sælare enn stormannen som lyg.
23Otte for Herren fører til liv; mett fær ein kvila og vert ikkje heimsøkt med vondt.
24Den late stikk si hand i fatet, men tek ho ikkje ein gong upp til munnen att.
25Slær du spottaren, so vert uvitingen klok, og agar du den vituge, so fær han skyn og kunnskap.
26Den som er hard med far sin og jagar mor si burt, er ein son til skam og skjemd.
27Haldt upp å høyra på refsing, son min, når du berre villar deg burt frå kunnskaps ord kor som er!
28Eit ugudleg vitne spottar det som rett er, og munnen på gudlause gløyper urett.
29Refsingsdomar er etla åt spottarane og hogg åt ryggen på dårar.