1Hjartans rådleggjing høyrer menneskja til, men tunga fær svaret frå Herren.
2Ein mann tykkjer at all hans ferd er rein, men det er Herren som prøver åndene.
3Legg verki dine på Herren, so skal tankane dine få framgang.
4Herren hev gjort kvar ting til sitt endemål, ogso den ugudlege til refsingsdagen.
5Kvar ovmodig er ein styggedom for Herren; du kann vera viss, ein slik mann vert ikkje urefst.
6Med kjærleik og truskap vert misgjerning sona ut, og den som ottast Herren, held seg frå det vonde.
7Når Herren hev hugnad i ferdi åt ein mann, lagar han det so at jamvel fiendane held fred med han.
8Betre er lite med rettferd enn stor vinning med urett.
9Mannsens hjarta tenkjer ut sin veg, men Herren styrer hans steg.
10Guddoms-ord er på lippone åt kongen; hans munn skal ikkje gjera mistak når han dømer.
11Rett vekt og rette vektskåler høyrer Herren til; alle lodd i pungen er hans verk.
12Ugudleg åtferd er ein styggedom for kongar; for trona tryggjer ein ved rettferd.
13Kongen likar rettferdige lippor, dei elskar den som segjer det som rett er.
14Konge-vreide er daude-bod, men ein vismann stiller vreiden.
15Når kongen let si åsyn lysa, er det liv, og hans godhug er som ei sky med vårregn.
16Å vinna visdom - kor mykje betre det er enn gull! Og å vinna vit er meire verdt enn sylv.
17Den vegen dei ærlege gjeng, er å fly frå vondt; den som aktar på sin veg, han varar sitt liv.
18Fyre undergang gjeng ovmod, og stormod fyre fall.
19Betre er med armingar å vera audmjuk enn å skifta herfang med ovmodige.
20Den som aktar på ordet, skal finna lukka, og den som lit på Herren - sæl er han!
21Den som er vis i hjarta, vert kalla vitug, og søtleik på lippone aukar lærdom.
22Klokskap er ei livsens kjelda for dei som eig han, men dårskap er den refsing som dårar fær.
23Vismanns hjarta gjer munnen hans vitug og legg meir og meir lærdom på lippone hans.
24Milde ord er honningdropar, søte for sjeli og lækjedom for lekamen.
25Mang ein veg tykkjer folk er rett, men enden på han er vegar til dauden.
26Vinne-kars hunger onnar for han; for munnen hans driv han fram.
27Ein låk mann grev ei ulukkegrav, og det logar som eld på lippone hans.
28Meinsløg mann valdar tretta, og den som baktalar, skil ven frå ven.
29Ein valdsmann lokkar næsten sin og leider han inn på ein veg som ikkje er god.
30Den som let augo att og vil tenkja på fals, og den som knip lippone i hop, han hev alt fullført vondt.
31Grå hår er ei fager kruna; ho vert vunni på rettferds veg.
32Ein tolug mann er betre enn ei kjempa, og den som styrer hugen sin, stend yver den som tek ein by.
33Dei rister terningen i fanget, men avgjerdi kjem stødt frå Herren.