Proverbs 17NO1938N

1Betre er ein turr brødmole med ro attåt enn huset fullt av slakt med tretta til.

2Ein klok tenar fær råda yver ein uvisleg son, og millom brørne fær han lut i arven.

3Diglen røyner sylvet og omnen gullet; men den som røyner hjarto, det er Herren.

4Den vonde aktar på vondskapslippa; ljugaren lyder på tynings-tunga.

5Den som spottar den fatige, hæder skaparen hans; den som gleder seg yver ulukka, skal få si refsing.

6Ei kruna for dei gamle er barneborn, og ei pryda for borni er federne deira.

7Det høver ikkje for dåren å tala store ord, enn mindre for gjævingen å ljuga.

8Gåva er ein glimestein for den som fær henne; kvar ho kjem, der fær ho framgang.

9Den som skyler misgjerd, søkjer kjærleik; men den som riv upp att ei sak, skil ven frå ven.

10Vondord gjer meir på den vituge enn hundrad hogg på dåren.

11Den vonde vil ikkje anna enn upprør, men ein hard bodberar vert send imot han.

12Møt heller ei binna som hev mist sine ungar, enn ein dåre med dårskapen hans!

13Den som løner godt med vondt, frå hans hus skal ikkje ulukka vika.

14Å taka til med tretta er som å sleppa vatn ut; haldt difor upp med tretta, fyrr ho vert for strid!

15Den som frikjenner ein ugudleg, og den som domfeller ein rettferdig, dei er båe tvo ein styggedom for Herren.

16Kva hjelper pengar i handi på dåren til å kjøpa visdom, når han ikkje hev vit?

17Venen elskar alltid, og bror vert fødd til hjelp i naud.

18Ein vitlaus mann er den som handtekst, som gjeng i borg hjå næsten sin.

19Den som elskar tretta, elskar synd; den som byggjer døri si høg, søkjer fall for seg sjølv.

20Den som hev eit rangt hjarta, vinn ikkje lukka, og den som hev ei falsk tunga, fell i ulukka.

21Den som hev eit narr til son, fær sorg av han; far åt ein dåre hev ingi gleda.

22Gladværugt hjarta gjev god lækjedom, men nedslege mod syg mergen or beini.

23Den ugudlege tek gåver ut or barmen og vil få rettargangen bøygd.

24Den vituge hev visdomen for augo, men dåren hev augo ved heimsens ende.

25Ein uvitug son er til gremme for far sin og til beisk sorg for henne som fekk han.

26Det er 'kje godt at og rettferdig mann fær refsing; at gjæve folk fær slag, er tvert imot all rett.

27Den som er klok, han sparer på ordi, og ein vitug mann er kald i hugen.

28Når dåren tegjer, gjeng han og for vismann, og for ein vitug mann når han held munn.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Proverbs 17.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.