1Mildt svar døyver harm, men eit kvast ord vekkjer vreide.
2Tunga åt vismenner gjev god kunnskap, men dårskap gøyser or munnen på dårar.
3Herrens augo er alle stader, dei ser etter både vonde og gode.
4Linnmælt tunga er eit livsens tre, men ei falsk tunga gjev hjartesår.
5Dåren vanvyrder far sin's age, men den som aktar på refsing, er klok.
6Rettferdig manns hus gøymer stor rikdom, men ugudleg manns inntekt vert til tjon for han.
7Vismanns-lippor strår ut kunnskap, men dårehugen er ikkje rett.
8Offer frå dei ugudlege er ein styggedom for Herren, men bøn frå dei ærlege tykkjer han vel um.
9Gudløysings veg er ein styggedom for Herren, men han elskar den som strevar etter rettferd.
10Hard refsing fær den som gjeng ut av rette stigen; den som hatar age, skal døy.
11Helheim og avgrunn ligg i dagen for Herren, kor mykje meir då menneske-hjarto!
12Spottaren likar ikkje at ein lastar han; til vismenner gjeng han ikkje.
13Gladværugt hjarta gjer andletet ljost, men hjartesorg bryt modet ned.
14Vitug manns hjarta søkjer kunnskap, men dåremunn fer berre med dårskap.
15Alle ein armings dagar er vonde, men gladhjarta mann hev gjestebod stødt.
16Betre er lite med otte for Herren enn stor skatt med uro attåt.
17Betre er eit kål-fat med kjærleik til enn gjødde uksen med hat attåt.
18Brålyndt mann valdar tretta, men den toluge stiller kiv.
19Vegen for letingen er som eit klungergjerde, men vegen er brøytt for dei ærlege.
20Ein vis son gjer far sin gleda, men eit uvitugt menneske vanvyrder mor si.
21Dårskap er gleda for vitlaus mann; men ein vitug mann gjeng beint fram.
22Råder vert til inkjes utan rådleggjing; men der det er mange rådgjevarar, fær dei framgang.
23Mannen gled seg når munnen kann svara, og eit ord i rette tid, kor godt det er!
24Den vituge gjeng livsens veg uppetter, for han vil sleppa burt frå helheimen der nede.
25Herren riv huset ned for dei ovmodige, men for enkja let han merkesteinen standa.
26Vonde tankar er ein styggedom for Herren, men milde ord er reine for han.
27Den vinnekjære fær sitt hus i ulag, men den som hatar gåvor, han skal leva.
28Den rettferdige tenkjer i sitt hjarta korleis han skal svara, men dei ugudlege let vondskap gøysa ut or munnen.
29Herren er langt burte frå dei ugudlege, men bøni frå dei rettferdige høyrer han.
30Ljos i augo gjer hugen glad; god tidend gjev merg i beini.
31Den som høyrer på rettleiding til livet, held seg gjerne i lag med vismenn.
32Den som vandar age, vanvyrder sitt liv, men den som høyrer på rettleiding, vinn seg vit.
33Otte for Herren er age til visdom, og fyre æra gjeng audmykt.