Proverbs 14NO1938N

1Kvinnevisdom byggjer huset sitt, men dårskap riv det ned med hendene.

2Den som ottast Herren, fer ærleg fram; men den som vanvyrder han, gjeng krokvegar.

3I munnen åt dåren er ris for hans ovmod, men dei vise hev lippone sine til vern.

4Utan uksar er krubba tom; men stute-styrken gjev rikleg vinning.

5Eit ærleg vitne lyg ikkje, men eit falskt vitne fær med lygn.

6Spottaren søkjer visdom, men finn han ikkje; men let vinn den vituge kunnskap.

7Gakk burt frå ein dåre - du fann ikkje vit på lippone hans.

8Klok manns visdom er at han skynar sin veg, men dåre-dårskapen er at dei svik seg sjølve.

9Dårar fær spott av sitt eige skuldoffer, men millom ærlege folk råder Guds hugnad.

10Hjarta kjenner si eigi sorg, og gleda legg ingen framand seg uppi.

11Ugudlege folk fær sitt hus lagt i øyde, men ærlege folk ser tjeldet sitt bløma.

12Mang ein veg tykkjer folk er rett, men enden på han er vegar til dauden.

13Jamvel midt i låtten kjenner hjarta vondt, og enden på gleda er sorg.

14Av åtferdi si skal den fråfalne mettast, og ein god mann held seg burte frå han.

15Den einfalde trur kvart ordet, men den kloke aktar på sine steg.

16Den vise ottast og held seg frå det vonde, men dåren er ovmodig og trygg.

17Bråsinna mann gjer dåreverk, og meinsløg mann vert hata.

18Dei einfalde hev fenge dårskap i arv, men dei kloke fær kunnskap til kruna.

19Dei vonde lyt bøygja seg for dei gode, og dei ugudlege ved portane åt den rettferdige.

20Jamvel av venen sin vert fatigmann hata, men mange er dei som elskar ein rik.

21Den som vanvyrder næsten sin, gjer synd; men sæl den som tykkjer synd i armingar!

22Skal ikkje dei fara vilt som finn på vondt? Men miskunn og truskap timest dei som finn på godt.

23Alt strev fører vinning med seg, men tomt svall gjev berre tap.

24Rikdomen er for dei vise ei kruna, men dårskapen hjå dårar er alltid dårskap.

25Eit sanningsvitne bergar liv, men den som fer med lygn, er full av svik.

26Den som ottast Herren, hev ei borg so fast, og for hans born skal Herren vera livd.

27Otte for Herren er ei livsens kjelda, so ein slepp undan daudesnaror.

28Mykje folk er æra for ein konge, men folkeløysa er hovdings fall.

29Langmodig mann hev mykje vit, men bråsinna mann syner stor dårskap.

30Spaklyndt hjarta er lekamens liv, men ilska er ròt i beini.

31Den som er hard med ein arming, spottar skaparen hans, men den som tykkjer synd i fatigmannen, ærar skaparen.

32Når ulukka kjem yver den ugudlege, so stuper han; men den rettferdige er trygg når han skal døy.

33I hjarta på den vituge held visdomen seg still, men hjå dårar ter han seg fram.

34Rettferd upphøgjer eit folk, men syndi er skam for folki.

35Kongen likar godt ein klok tenar, men harmast på den som skjemmer seg ut.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Proverbs 14.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.