1Ein vis son let seg aga av far sin, men ein spottar høyrer ikkje på skjenn.
2Sjølv fær ein godt av den frukt som munnen ber, men hugen åt svikarane stend etter vald.
3Den som aktar munnen sin, varar sitt liv; den som er lausmynt, fær seg ei ulukka.
4Letingen lyster og fær ikkje noko, men strevsame folk fær rikleg mette.
5Den rettferdige hatar ljugarord, men den ugudlege fer stygt og skamleg åt.
6Rettferd varar den som lever ulastande, men gudløysa feller den som gjer synd.
7Ein ter seg rik og eig då inkje, ein annan ter seg fatig og eig mykje.
8Mannsens rikdom er løysepengar for livet hans, men fatigmannen er det ingen som trugar.
9Ljoset åt dei rettferdige brenn lystigt, men lampa åt dei ugudlege sloknar.
10Med ovmod valdar ein berre tretta, men hjå dei som tek imot råd, er visdom.
11Lettfengen rikdom minkar, men den som sankar smått um senn, fær meir og meir.
12Langvarig venting gjer hjarta sjukt, men uppfyllt ynske er eit livsens tre.
13Den som vanvyrder ordet, tyner seg sjølv; men den som ottast bodet, han fær løn.
14Vismanns læra er ei livsens kjelda, so ein slepp undan daudesnaror.
15Godt vit gjev manntekkje, men hard er vegen som svikarar gjeng.
16Kvar som er klok, fer fram med vit, men ein dåre briskar seg med dårskap.
17Ein ugudleg bodberar fell i ulukka, men eit trufast sendebod er lækjedom.
18Armod og skam fær den som viser age ifrå seg; men den som aktar på refsing, vinn æra.
19Uppfyllt ynske er søtt for sjeli, men å halda seg frå vondt er ein styggedom for dårar.
20Søk lag med dei vise, so vert du vis; men ille gjeng det den som er ven med dårar.
21Ulukka forfylgjer syndarar, men rettferdige fær godt til løn.
22Den gode let etter seg arv til barneborn, men det syndaren eig, er gøymt åt den rettferdige.
23Fatigfolks nybrot gjev rikleg føda; men mang ein vert tynt av di han gjer urett.
24Den som sparer riset sitt, hatar son sin; men den som elskar han, tuktar honom tidleg.
25Den rettferdige fær eta seg mett, men dei ugudlege gjeng med magen tom.