Proverbs 12NO1938N

1Den som elskar age, elskar kunnskap; men den som hatar refsing, er fåvis.

2Den gode fær nåde hjå Herren, men den meinsløge fordømer han.

3Gudløysa hjelper ingen mann til å standa stødt, men roti åt dei rettferdige kann ingen rikka.

4Ei fagna kona er ei kruna for mannen sin, men eit skjemda ting er som ròt i beini hans.

5Dei rettferdige tenkjer berre på det som rett er; dei råder som dei ugudlege legg upp, er svik.

6Dei ugudlege talar stødt um å lura etter blod, men dei ærlege vert berga ved sin munn.

7Dei ugudlege vert kasta i koll, og so er det ute med dei; men rettferdige folks hus stend fast.

8Ein mann fær ros alt etter som vitet hans er, men den som hev eit rangvendt hjarta, kjem i vanvyrdnad.

9Betre vera småmann med ein tenar enn låst vera storkar og ikkje hava mat.

10Den rettferdige hev umsut for buskapen sin, men hjarta hjå ugudlege folk er hardt.

11Den som dyrkar si jord, fær mette av brød; men den som fer etter fåfengde av ting, er fåvis.

12Den ugudlege trår etter det som er ei snara for dei vonde; men dei rettferdige gjev Gud fast rot.

13I lippe-synd ligg ei vond snara, men den rettferdige slepp ut or trengsla.

14Av sin munns frukt fær ein mann sin gode mette, og det eit menneske hev gjort med sine hender, fær han att.

15Dåren held sin eigen veg for den rette, men den som er vis, høyrer på råd.

16Når dåren er vreid, vert det kjent same dagen, men den som er klok, løyner skjemsla.

17Den som er ærleg i sine ord, talar sanning, men det falske vitnet talar svik.

18Mange talar tankelause ord, som sting liksom sverd; men tunga åt dei vise er lækjedom.

19Sannings-lippa held seg æveleg, men ljugartunga berre ein augneblink.

20Svik er i deira hjarta som smider vondt i hop; men dei som råder til fred, fær gleda.

21Det hender ikkje den rettferdige noko vondt, men dei ugudlege fær ulukka i fullt mål.

22Ljugarlippor er ein styggedom for Herren, men han likar dei som fer fram med ærlegdom.

23Ein klok mann dyl det han veit, men dåre-hjarta ropar ut sin dårskap.

24Strevsam hand kjem til å styra, men latskap gjer ein mann til træl.

25Sorg i mannens hjarta tyngjer det ned, men eit godt ord gjev det gleda.

26Den rettferdige rettleider næsten sin, men vegen åt dei ugudlege fører dei vilt.

27Letingen steikjer ikkje si veidn, men annsemd er ein skatt so dyr for menneskja.

28På rettferds stig er liv, og ein jamn veg fører ikkje til dauden.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Proverbs 12.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.