1Falsk vekt er ein styggedom for Herren, men fullvektige lodd tykkjer han vel um.
2Med ovmod fylgjer skam, men dei audmjuke hev visdom.
3Dei ærlege hev si rettvisa til førar, men fals slær sin herre på hals.
4Gods hjelper ikkje på vreide-dagen, men rettferd bergar frå dauden.
5Ulastande manns rettferd jamnar hans veg, men den gudlause stuper ved gudløysa si.
6Ærlege folk vert frelste ved si rettferd, men dei falske vert fanga i sin eigen gir.
7Når ugudleg mann døyr, er det ute med voni, og det dei vonde stundar etter, vert til inkjes.
8Den rettferdige vert fria or trengsla, og den ugudlege kjem i hans stad.
9Den gudlause tyner sin næste med munnen, men dei rettferdige friar seg ut med sin kunnskap.
10Når det gjeng godt med dei rettferdige, fegnast byen, og når dei ugudlege vert tynte, syng folk av gleda.
11Med velsigning frå ærlege folk kjem ein by seg upp, men munnen åt dei ugudlege bryt han ned.
12Vitlaus er den som talar vanvyrdeleg um sin næste; men ein vitug mann tegjer stilt.
13Den som gjeng og baktalar, ber løyndomar ut; men den hjarte-trugne løyner saki.
14Der inkje styre er, lyt folket falla; men der det er mange rådgjevarar, gjeng det godt.
15Ille gjeng det den som borgar for ein framand; men den som ikkje vil handtakast, er trygg.
16Ei yndefull kvinna vinn æra, og valdsmenner vinn seg rikdom.
17Ein godhjarta mann gjer vel mot seg sjølv, men ein hardhjarta mann fer vondt med sitt eige kjøt.
18Den ugudlege vinn seg ei sviksam løn, men den som sår rettferd, fær ei løn som varer.
19Den som stend fast i rettferd, vinn liv med det; men den som fer etter vondt, valdar sjølv at han lyt døy.
20Ein styggedom for Herren er dei som er range i hugen; men han tykkjer vel um dei som ferdast ulastande.
21Du kann vera viss, den vonde vert ikkje urefst, men ætti åt dei rettferdige slepp undan.
22Som ein gullring i eit grisetryne er ei fager kvinna som er utan vit.
23Det dei rettferdige ynskjer, vert berre godt; dei ugudlege hev vreide i vente.
24Ein strår ut og fær endå meir, ein annan vert arm av usømeleg sparing.
25Den som velsignar, skal trivast, og den som kveikjer andre, vert sjølv kveikt.
26Den som held att korn, honom bannar folket; men signing kjem yver den som sel korn.
27Den som strevar etter godt, søkjer det som er til hugnad; men den som legg vinn på vondt, han fær det yver seg.
28Den som lit på sin rikdom, han skal stupa; men dei rettferdige skal grønka som lauv.
29Den som fær sitt hus i ulag, skal erva vind, og dåren vert træl åt den vise.
30Rettferdig manns frukt er eit livsens tre, og den vise vinn sjeler.
31Du ser den rettferdige fær si løn på jordi, kor mykje meir då den ugudlege og syndaren!