Numbers 13NO1938N

1Og Herren tala til Moses og sa:

2Send ut folk til å forfara Kana'anslandet, som eg no vil gjeva Israels-borni! Ein mann for kvar fedreætt skal de senda, og alle skal vera av dei fremste mennene deira.

3So sende Moses folk ut frå Paranøydemarki, som Herren hadde sagt, og dei han sende, var alle av dei gjævaste mennene i Israel.

4Dei heitte: Sammua, son åt Sakkur, av Rubens-ætti;

5Safat, son åt Hori, av Simeons-ætti;

6Kaleb, son åt Jefunne, av Juda-ætti;

7Jigeal, son åt Josef, av Issakars-ætti;

8Hosea, son åt Nun, av Efra'ims-ætti;

9Palti, son åt Rafu, av Benjamins-ætti;

10Gaddiel, son åt Sodi, av Sebulons-ætti;

11Gaddi, son åt Susi, av Josefs-ætti, av Manasse-greini;

12Ammiel, son åt Gemalli, av Dans-ætti;

13Setur, son åt Mikael, av Asers-ætti;

14Nahbi, son åt Vofsi, av Naftali-ætti;

15Ge'uel, son åt Maki, av Gads-ætti.

16Det var namni åt dei mennene som Moses sende ut til å rundfara landet; men Hosea, son åt Nun, kalla han Josva.

17Han sende dei på njosningsferd til Kana'anslandet og sa til dei: Far upp her, til sudlandet, og tak upp i fjellet

18og sjå korleis landet er laga, og um folket som bur der, er sterkt eller veikt, um dei er få eller mange,

19og um landet deira er godt eller låkt, og kva slag byar dei bur i, um dei bur i læger eller borger,

20og um jordi er feit eller skrinn, og um det er tre eller ikkje. Ver trøystuge og tak med dykk noko av frukti i landet! Det var då i det belet druvone for til å mogna.

21So tok dei av stad og endefor landet alt ifrå Sinøydemarki til Rehob, som ligg innmed vegen til Hamat.

22Dei for upp frå sudlandet og kom til Hebron. Der budde Akiman og Sesai og Talmai, Anaks-sønene - Hebron var bygt sju år fyre Soan i Egyptarlandet.

23So kom dei til Eskoldalen. Der skar dei ei vintregrein med ein druvekrans, som tvo mann laut bera millom seg på ei stong, og so nokre granateple og fikor.

24Den staden vart sidan heitande Eskoldalen etter den druvekransen som Israels-borni skar av der.

25Då det leid av fyrti dagar, kom dei att og hadde endefare landet.

26Dei fann Moses og Aron og heile Israels-lyden i Paranøydemarki, i Kades, og gav fråsegn um det dei hadde set, og synte dei fruktene frå Kana'anslandet.

27Og dei sa til Moses: Me kom til det landet du sende oss til, og det er vist at det landet fløymer med mjølk og honning, og her ser de fruktene som veks der.

28Men folket som bur der er sterkt, og byane er som borger og ovstore; der såg me Anaks-sønene og.

29Amalek-folket bur i sudlandet, og i fjellbygdene hetitane og jebusitane og amoritane, og utmed havet og langsmed Jordan bur Kana'anitane.

30Då tok folket til å murra mot Moses, men Kaleb stagga på dei og sa: Ja, me vil fara dit og leggja landet under oss; me kann godt taka det.

31Men dei mennene som hadde vore med han, sa: Me kann ikkje ganga imot dette folket; for dei er sterkare enn me.

32Og dei lasta burt landet for Israels-borni og sa: Det landet me for igjenom og skoda, er eit land som øyder ut dei som bur der, og alle me såg der, var kjempekarar;

33der såg me risane, Anaks-sønene, som er av riseætt, og mot dei tyktest me å vera berre engsprettor, og so tykte dei og.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Numbers 13.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.