Numbers 14NO1938N

1Då tek heile lyden til å ropa og skrika, og folket gret heile natti.

2Og alle Israels-borni, heile lyden, mukka mot Moses og Aron og sa: Gjev me hadde døytt i Egyptarlandet eller her i øydemarki - å, gjev me hadde døytt!

3Kvi vil Herren føra oss inn i dette landet, so me vert nedhogne, og konone og borni våre vert fangar? Var det ikkje betre for oss å fara attende til Egyptarland?

4Og dei sa seg imellom: Lat oss velja oss ein hovding og fara attende til Egyptarland!

5Då kasta Moses og Aron seg å gruve for augo åt heile Israels-lyden;

6og Josva, son åt Nun, og Kaleb, son åt Jefunne, som hadde vore med og forfare Kana'anslandet, reiv sund klædi sine

7og tala til heile Israels-lyden og sa: Det landet som me hev fare i gjenom og skoda, er eit ovgodt land.

8Er Herren oss god, so fører han oss inn i det landet og gjev oss det; det er eit land som fløymer med mjølk og honning.

9Set dykk berre ikkje upp mot Herren, og ver ikkje redde folket som bur der i landet! Dei er ikkje annleis enn som eit matmål for oss. Hjelpi deira hev kvorve burt, og Herren er med oss. Ver ikkje redde dei!

10Då vilde heile lyden steina dei; men Herrens herlegdom synte seg i møtetjeldet for alle Israels-borni.

11Og Herren sa til Moses: Kor lenge vil dette folket hæda og vanvyrda meg, og kor lenge vil dei mistru meg, endå so mange teikn som eg hev gjort millom dei?

12Men no vil eg søkja dei med sott og rydja dei ut, og so vil eg gjera deg til eit større og sterkare folk enn dei er.

13Då sa Moses til Herren: Egyptarane hev spurt at du hev ført dette folket burt i frå dei i ditt velde,

14og dei hev sagt det til dei som bur her i landet; dei hev høyrt at du, Herre, er midt imillom dette folket, og at du, Herre, hev synt deg for dei andlet til andlet, og at skyi di held seg yver dei, og at du gjeng fyre dei i ein skystopul um dagen og ein eldstopul um natti.

15Slær du no dette folket i hel som det var ein mann, so kjem heidningane, som hev høyrt ordet um deg, til å segja:

16Herren makta ikkje å føra dette folket inn i det landet han hadde lova dei, og so drap han dei ned i øydemarki.

17Men syn deg no i ditt velde, Herre, som du lova då du sa:

18Herren er tolug og rik på miskunn, han tilgjev brot og misgjerningar; men han vil ikkje at den skuldige skal vera strafflaus, han hemner broti åt federne på borni og på barnebarns-borni og borni etter dei.

19Tilgjev då av di store miskunn broti åt dette folket, liksom du hev havt tolmod med dei heile vegen frå Egyptarland og hit!

20Då sa Herren: Eg hev gjeve dei til, som du hev bedt um.

21Men so vist som eg lever og Herrens herlegdom fyller heile jordi:

22Ingen av dei mennene som hev set herlegdomen min og dei teikni eg gjorde i Egyptarland og i øydemarki, og som like vel hev freista meg ti gonger og aldri vilde lyda på ordi mine -

23ingen av dei skal sjå det landet eg hev lova federne deira; ingen av dei som hev hædt og vanvyrdt meg, skal få sjå det.

24Men Kaleb, tenaren min, vil eg føra inn i det landet han hev vore i, og ætti hans skal få det til eiga; for han er det ei onnor ånd i, og han hev halde seg trutt etter meg.

25Amalekitane og kana'anitane bur her i dalen; difor lyt de i morgon venda um og taka ut i øydemarki, den vegen som ber til Raudehavet.

26Og Herren tala til Moses og Aron og sa:

27Kor lenge skal denne vonde lyden halda på å mukka mot meg? Eg hev nok høyrt korleis Israels-borni murrar og mukkar imot meg.

28Seg til dei: So vist som eg lever, segjer Herren: Det som eg høyrde de ynskte dykk, det skal de få.

29Her i øydemarki skal beini dykkar liggja, alle de som vart mynstra, heile flokken, so mange som er yver tjuge år gamle og hev mukka mot meg;

30ingen av dykk skal koma inn i det landet som eg rette handi i veret på at eg vilde gjeva dykk til bustad - ingen utan Kaleb, son åt Jefunne, og Josva, son åt Nun.

31Småborni dykkar, som de spådde skulde falla i fiendehand, dei vil eg føra dit, og dei skal verta heime i det landet som de hev vanda.

32Men dykkar bein skal liggja her i øydemarki;

33og borni dykkar skal gjeta i øydemarki i fyrti år og lida for utruskapen dykkar, til de alle hev døytt i øydemarki.

34Likso mange dagar som de for yver Kana'anslandet, likso mange år skal de lida for broti dykkar, fyrti år, eit år for kvar dag, og de skal få kjenna korleis det er når eg vender meg frå dykk.

35Eg, Herren, hev sagt: So vil eg gjera med heile denne vonde lyden, som hev slege seg i hop mot meg; i denne øydemarki skal dei enda sine dagar, her skal dei døy.

36Dei mennene som Moses hadde sendt ut til å forfara Kana'anslandet, og som spreidde låke tiender um det då dei kom att, og fekk heile lyden til å mukka mot Moses,

37desse mennene, som hadde lasta burt landet, dei døydde brått for Herrens åsyn.

38Av alle dei som hadde fare på njosningsferd til Kana'anslandet, var det berre Josva, son åt Nun, og Kaleb, son åt Jefunne, som fekk leva.

39Og Moses bar alle desse ordi fram for alle Israels-borni. Då syrgde folket sårt,

40og dagen etter, i otta, tok dei uppetter til høgfjellet og sa: Sjå her er me og vil fara upp til den staden som Herren hev talt um; for me hev synda.

41Då sa Moses: Kvi vil de då gjera imot Herrens ord? Dette kjem ikkje til å lukkast.

42Far ikkje dit! For Herren er ikkje med dykk. De kjem berre til å rjuka for fiendane dykkar.

43For der møter de amalekitane og kana'anitane, og då vert de nedhogne, etter di de hev vendt dykk burt frå Herren, og Herren ikkje er med dykk.

44Like vel var dei so uvyrdne at dei tok av stad til høgfjellet. Men Herrens paktkista og Moses flutte seg ikkje frå lægret.

45Og amalekitane og kana'anitane, som budde på det fjellet, kom ned og slo dei og jaga dei alt til Horma.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Numbers 14.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.