1Ein gong tala Mirjam og Aron ille um Moses for den etiopkvinna skuld som han hadde teke til kona - for han hadde gift seg med ei etiopisk kvinna -
2og dei sa: Er det berre Moses Herren hev tala med? Hev han ikkje tala med oss og? Og Herren høyrde det.
3No var Moses ein mild og tolug mann, mildare enn alle menneske på jordi.
4Men Herren sa brått til Moses og til Aron og til Mirjam: Gakk ut til møtetjeldet alle tri! So gjekk dei dit alle tri.
5Og Herren kom ned i ein skystopul og stod i tjelddøri og ropa på Aron og Mirjam. Då gjekk dei ut båe tvo.
6Og han sa: Lyd no etter ordi mine: Er det ein profet som de, so ter eg, Herren, meg for han i syner og talar med han i draumar.
7Men so er det ikkje med Moses, tenaren min; han er tru i heile mitt hus.
8Munn til munn talar eg med han, klårt og ikkje i gåtor, og han fær sjå Herrens skapnad. Korleis kunde de då våga å tala ille um Moses, tenaren min?
9Og Herrens vreide loga upp imot dei, og han for burt.
10Då skyi kvarv burt frå tjeldet, då var Mirjam spillsjuk og kvit som snø; med same Aron snudde seg mot henne, såg han at ho var spillsjuk.
11Då sa han til Moses: Gode herre bror! Lat oss ikkje lida for ei synd me hev gjort i vår dårskap!
12Lat henne ikkje vera som eit daudt foster, som er halvrote når det kjem ut or morslivet!
13Då ropa Moses til Herren og sa: Å Gud, gjer henne god att!
14Og Herren sa til Moses: Hadde far hennar sputta henne i andletet, laut ho då ikkje sitja med skam i sju dagar? No skal de stengja henne inne utanfor lægret i sju dagar, so kann dei taka henne inn att.
15So heldt dei Mirjam innestengd utanfor lægret i sju dagar, og folket tok ikkje av stad fyrr dei hadde teke henne inn att.
16Sidan tok folket ut frå Haserot og slo læger i Paranøydemarki.