Micah 2NO1938N

1Usæle dei som tenkjer ut urett og emnar på vondt medan dei ligg på lega si! Straks det lyser av dag, set dei det i verk, for di det stend i deira makt.

2Dei trår etter åkrar og ranar dei, etter hus og tek dei, dei gjer vald mannen og huset hans, mot bonden og odelen hans.

3Difor segjer Herren so: Sjå, eg tenkjer ut vondt imot denne ætti, ulukkor som de ikkje skal vera god til å rista av halsen, og de skal ikkje få ganga so bratte i nakken heretter; for det vert ei vond tid.

4Den dagen skal dei kveda ei nidvisa um dykk og syngja ein syrgjesong. Dei skal segja: No er det slutt, me er reint øydelagde; arven åt folket mitt skifter han ut til andre, sjå, kor han tek han ifrå meg! Til fråfalne skifter han ut vår jord.

5So skal du då ingen hava som spanar mælesnor yver nokon jordlut i Herrens lyd.

6Haldt upp med denne preikingi! So preikar dei. Um slikt må dei ikkje preika! Det er då ikkje måte på skjellsord!

7For ein tale, du Jakobs hus! Tru Herren er brålyndt? Eller er det soleis han plar fara fram? Er ikkje ordi mine gode imot den som fer reideleg åt?

8Men alt lenge hev no folket mitt reist seg imot meg som min uven; de dreg kåpa av folk som gjeng trygge framum og ikkje vil vita av strid - so dei berre hev kjolen att.

9Kvinnone i folket mitt driv de ut ifrå heimane deira, som var deira gleda; frå småborni deira tek de for alle tider prydnaden som eg gav dei.

10Statt upp og gakk dykkar veg! For her hev de ingen kvilestad, for dykkar ureinskap skuld, som valdar tyning, ja skræmeleg tyning.

11Kom nokon med svall og svik og laug og sa: Eg vil preika for deg um vin og sterk drykk - sjå det vilde vera ein preikar for dette folket!

12Eg vil samla deg, Jakob, samla dykk so mange som de er; sanka i hop vil eg det som er att av Israel, eg vil føra dei saman som sauer til ei kvi, som ein buskap til sitt beite, so det vert ståk av menneske.

13Vegbrøytaren fer fyre dei; dei bryt seg igjenom og stimar fram gjenom porten og slepp ut; kongen deira fer fyre dei, og Herren i brodden for dei.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Micah 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.