1Dette er Herrens ord som kom til Mika frå Moreset i dei dagane då Jotam, Akas og Esekias var kongar i Juda, det som han såg um Samaria og Jerusalem.
2Høyr, de folk, alle i hop! Lyd etter, du jord med alt som på deg er! Og Herren, Israels Gud, vere vitne imot dykk, Herren frå sitt heilage tempel!
3For sjå, Herren gjeng ut frå bustaden sin; han stig ned og skrid fram yver høgdene på jordi.
4Fjelli brånar under føtene hans, og dalane rivnar - som vokset for elden, som vatnet når det støyper seg utfor ein hamar.
5Alt dette hender for Jakobs fråfall, for dei synder som Israels hus hev gjort. Kven er so skuld i Jakobs fråfall? Er det ikkje Samaria? Og kven er skuld i Judas offerhaugar? Er det ikkje Jerusalem?
6So vil eg då gjera Samaria til ei steinrøys på marki, til ein stad der dei dyrkar vin; eg vil velta steinane hennar ned i dalen og leggja grunnvollane hennar berre.
7Alle dei utskorne bileti hennar vil eg krasa, alle horegåvone hennar vil eg brenna upp med eld, og alle gudebileti hennar vil eg øyda; for av horeløn hev ho samla dei i hop, og til horeløn skal dei atter verta.
8For dette vil eg jamra og øya, vil eg ganga berrføtt og naken ikring; eg vil setja i med jammerskrik som sjakalane og med syrgjelåt som strussane.
9For såri hennar let seg ikkje lækja; for ulukka er komi radt til Juda, ho hev nått radt til porten åt folket mitt, til Jerusalem.
10Kunngjer det ikkje i Gat, gråt ikkje der! I Bet-Leafra velter eg meg i moldi.
11Far burt, de som bur i Sjafir, nækte og skjemde! Folket i Sa'anan vågar seg ikkje ut. Jamringi i Bet-Haesel gjer det rådlaust for dykk å stogga der.
12For Marots-buane vrid seg i verk for lukka dei hev mist; for ulukka hev fare ned frå Herren, radt til porten i Jerusalem.
13Spenn tråvaren for vogni, de Lakis-buar! Upphavet til syndi var du for Sions dotter; for hjå deg vart Israels synder funne.
14Difor lyt du gjeva frå deg Moreset-Gat; husi i Aksib vert ein svikal bekk for Israels kongar.
15Endå ein gong skal eg lata dykk få ein eigarmann, de Maresa-buar! Til Adullam skal Israels stormenner koma.
16Raka deg snaud i kruna, klypp håret av, i sorg yver borni dine, som var din hugnad! Raka deg so du vert snaud som gribben, for dei er førde burt ifrå deg.