Jonah 4NO1938N

1Men det tykte Jonas svært ille um, og han vart brennande harm.

2Han bad då til Herren og sa: Å Herre, var det ikkje det eg tenkte då eg endå var i mitt land? Difor flydde eg til Tarsis den gongen; for eg visste du er ein nådig og miskunnsam Gud, langmodig og rik på miskunn, og angrar det vonde.

3So tak no, Herre, livet mitt! For eg vil heller døy enn leva.

4Då sa Herren: Hev du grunn til å harmast?

5Jonas hadde gjenge ut or byen; han hadde sett seg austanfor byen, og der hadde han gjort seg ei lauvhytta og sat der i skuggen og vilde sjå korleis det gjekk med byen.

6Då let Herren Gud ein kikajon veksa upp yver Jonas til å skyggja yver hovudet hans, so han kunde verta fri mismodet sitt; og Jonas fann stor gleda i kikajonen.

7Men dagen etter, då morgonen rann, sende Gud ein makk, som stakk kikajonen so han visna.

8Då soli rann, sende Gud ein brennande austanvind, og soli stakk Jonas på hovudet, so han ormektast. Då ynskte han at han måtte få døy, og sa: Eg vil heller døy enn leva.

9Men Gud sa til Jonas: Hev du grunn til å harmast for kikajonen skuld? Han svara: Ja, eg hev grunn til å harmast til dauden.

10Då sa Herren: Du ynkast yver kikajonen, som du ikkje hev havt møda med og ikkje hev ale upp, som kom til på ei natt og gjekk til grunns på ei natt;

11og so skulde ikkje eg ynkast yver Ninive, den store byen, der det finst meir enn tolv gonger ti tusund menneske som ikkje kann skilja millom høgre og vinstre, og ei mengd med dyr!

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Jonah 4.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.