Jonah 3NO1938N

1Då kom Herrens ord til Jonas andre gongen, og det lydde so:

2Statt upp og gakk til Ninive, den store byen, og ropa ut i han dei ordi eg vil tala til deg!

3Og Jonas stod upp og gjekk til Ninive, som Herren hadde sagt. Men Ninive var ein stor by for Gud, tri dagsleider lang.

4Og Jonas gjekk ei dagslei inn i byen og ropa: Um fyrti dagar skal Ninive verta lagd i grus.

5Då trudde folket i Ninive på Gud, og dei lyste ut fasta og klædde seg i sekk, både store og små.

6Då saki kom for kongen i Ninive, reiste han seg frå sin kongsstol, la kappa av seg og sveipte seg i sekk og sette seg i oska.

7So let han ropa ut i Ninive: Etter påbod frå kongen og hans stormenner må korkje folk eller dyr, storfe eller småfe, smaka noko, beita eller drikka vatn.

8Men dei skal sveipa seg i sekk, både folk og dyr, og ropa til Gud av all kraft og venda um, kvar frå sin vonde veg og frå den urett som heng ved hendene deira.

9Kven veit? Gud kunde då venda um og angra det, venda um frå den brennande vreide sin, so me ikkje gjeng under.

10Då no Gud såg det dei gjorde, at dei vende um frå sin vonde veg, angra han det vonde han hadde sagt han vilde gjera mot dei, og han gjorde det ikkje.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Jonah 3.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.