1Men Herren sende ein stor fisk, som gløypte Jonas; og Jonas var i buken åt fisken i tri dagar og tri næter.
2Og Jonas bad til Herren sin Gud frå buken åt fisken
3og sa: Eg kalla på Herren i mi naud, og han svara meg; frå helheims buk ropa eg, og du høyrde mi røyst.
4Du kasta meg i djupet, midt i havet, og straumar kringsette meg; alle dine brot og bylgjor gjekk yver meg.
5Eg tenkte då: Eg er støytt burt frå dine augo. Men eg skal atter skoda upp til ditt heilage tempel.
6Vatni kringa seg um meg heilt alt til sjeli, djupet kringsette meg, tang sveipte seg um hovudet mitt;
7radt til bergbotnane sokk eg ned, jordheims bommar stengdest etter meg for alltid. Men du førde mitt liv upp or gravi, Herre min Gud!
8Då mi sjel ormektast i meg, kom eg Herren i hug, og mi bøn kom til deg i ditt heilage tempel.
9Dei som held seg til tome avgudar, dei gjeng frå si miskunn.
10Men med lovsongs tonar vil eg ofra til deg; det eg lova, vil eg halda. Hjå Herren er frelsa.
11So baud Herren fisken, og han spydde Jonas upp på land.