1Og eg sa: Høyr, de Jakobs hovdingar og de domarar for Israels hus! Høyrer det ikkje dykk til å vita kva som er rett?
2De som hatar det gode og elskar det vonde, de som flår skinnet av folk og kjøtet av beini deira,
3de som et mitt folks kjøt og riv hudi av dei, og beini deira bryt de sund og breider dei ut liksom i ei gryta og som kjøt i ei panna.
4Då skal dei ropa til Herren, men han skal ikkje svara dei; han skal løyna si åsyn for dei på den tidi for deira vonde åtferd skuld.
5So segjer Herren um dei profetane som fører folket mitt vilt, som ropar: Fred! når dei hev noko å tyggja med tennene, men som eggjar til heilag strid mot dei som ikkje stikk dei noko i munnen.
6Difor skal det verta natt for dykk utan syner, og myrker utan spådom; soli skal ganga ned yver profetane, og dagen verta svart yver dei.
7Sjåarane skal skjemmast, og spåmennene blygjast; dei skal hylja skjegget sitt alle saman; for det kjem ikkje svar ifrå Gud.
8Men eg, eg er full av kraft ved Herrens Ande og av rettskjensla og mannsmod, so eg kann vitna for Jakob um hans brot og for Israel um hans synd.
9Høyr dette, de hovdingar yver Jakobs hus og de domarar for Israels hus, de som styggjest ved det som er rett, og krøkjer alt som er beint,
10de som byggjer upp Sion med blod og Jerusalem med urett!
11Hovdingane der dømer for mutor, prestane lærer for løn, og profetane spår for pengar, og endå styd dei seg på Herren og segjer: Er ikkje Herren midt imillom oss? Det kjem ingi ulukka yver oss.
12Difor skal for dykkar skuld Sion verta pløgd som ein åker, og Jerusalem skal verta til steinrøysar, og tempelberget til skoghaugar.