Luke 16NO1938N

1Han sa og til læresveinane: Det var ein gong ein rik mann som hadde ein hushaldar. Og folk kom til han og klaga på hushaldaren og sa at han øydde burt midelen hans.

2Då kalla han hushaldaren for seg og sa til han: Kva er det no eg høyrer um deg? Gjer rekneskap for styringi di, for du kann ikkje standa fyre huset mitt lenger!

3Hushaldaren tenkte med seg: Kva skal eg gjera, sidan herren min segjer meg ut or tenesta? Eg orkar ikkje å grava, eg skjemmest ved å tigga.

4Jau, no veit eg kva eg vil gjera, so dei skal taka meg til seg når eg vert avsett!

5So kalla han skuldmennene åt herren sin til seg, ein for ein, og sa til den fyrste: Kor mykje er du skuldig husbonden min?

6Hundrad anker olje, svara han. Her hev du skuldbrevet ditt, sa hushaldaren; set deg ned og skriv snøgt femti!

7So spurde han ein annan: Enn du, kor mykje er du skuldig? - Hundrad tunnor kveite, svara han. Her hev du skuldbrevet ditt; skriv: åtti! sa hushaldaren.

8Og husbonden rosa den uærlege hushaldaren for di han hadde fare klokt åt. For denne verdsens born er klokare til å stella seg med sine jamlikar enn ljossens born er.

9Og eg segjer dykk: Vinn dykk vener med den urettferdige mammon, so dei kann taka imot dykk i dei ævelege heimane når han tryt!

10Den som er tru i smått, er og tru i stort, og den som er uærleg i smått, er og uærleg i stort.

11Hev de no ikkje vore true med den urettferdige mammon, kven vil då tru den rette rikdomen åt dykk?

12Og hev de ikkje vore true med det som høyrer andre til, kven vil då gjeva dykk noko de sjølve kann eiga?

13Ingen tenar kann tena tvo herrar; for anten vil han hata den eine og halda av den andre, eller halda seg til den eine og vanvyrda hin. De kann ikkje tena både Gud og mammon.

14Alt dette høyrde farisearane på, og pengekjære som dei var, bles dei åt det han sa.

15Då sa han til dei: De er dei som fær folk til å tru at de er rettferdige; men Gud kjenner hjarta dykkar; for det som er høgt i folkeaugo, er ein styggedom for Gud.

16Lovi og profetane rådde alt til Johannes kom; frå den tid hev evangeliet um Guds rike vore kunngjort, og kvar og ein bryt seg inn i det med makt.

17Men det vil lettare henda at himmelen og jordi forgjengst enn at ein einaste prikk i lovi fell burt.

18Kvar den som skil seg frå kona si og giftar seg med ei onnor kvinna, gjer hor, og den som gifter seg med ei som er skild frå mannen sin, gjer hor.

19Det var ein gong ein rik mann; han klædde seg i purpur og fint lin og heldt gaman og fest dag etter dag.

20Og ein fatig mann som heitte Lasarus, låg utmed porten hans, full av verkjesår,

21og stunda etter å få metta seg med det som fall frå bordet åt rikingen; men jamvel hundane kom og sleikte såri hans.

22So hende det at den fatige døydde, og englane bar han av stad og la han ved Abrahams barm. Den rike døydde og, og vart gravlagd.

23Som han no slo upp augo sine i helheimen, der han låg og pintest, ser han Abraham langt burte og Lasarus innmed barmen hans.

24Då ropa han: Far Abraham, gjer sælebot på meg! Send Lasarus, so han kann duppa fingertuppen sin i vatn og svala tunga mi! For eg lid fælt i denne logen.

25Abraham svara: Kom i hug, min son, at du fekk det gode du ynskte deg, i di levetid, og Lasarus like eins det som vondt var. Men no vert han trøysta her, og du lid vondt.

26Og attåt alt det er det lagt ein stor avgrunn millom oss og dykk, so dei som vil fara herifrå yver til dykk, dei kann ikkje; ikkje heller kann nokon koma derifrå yver til oss.

27Då sa den rike: So bed eg deg, far, at du vil senda han til farshuset mitt!

28Eg hev fem brør, lat han vitna for dei, so ikkje dei og skal koma til denne pinslestaden!

29Dei hev Moses og profetane, svara Abraham; dei kann høyra på dei.

30Å nei, far Abraham! sa han; men kjem nokon til dei frå dei daude, so gjer dei bot.

31Då sa Abraham: Høyrer dei ikkje på Moses og profetane, so trur dei ikkje heller um nokon stend upp frå dei daude.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Luke 16.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.