Bible

Engage

Your Congregation Like Never Before

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Luke 17

:
Norwegian - NO1938N
1 Sidan sa han til læresveinane sine: Det er uråd anna enn det lyt koma freistingar, men ve yver den som dei kjem ifrå!
2 Han var betre faren det låg ein kvernstein um halsen hans, og han var kasta i havet, enn at han skulde freista ein av desse små.
3 Tak dykk i vare! Syndar bror din, so tala han til rettes, og angrar han, so tilgjev han!
4 Um han syndar mot deg sju gonger um dagen, og sju gonger kjem attende til deg og segjer: Eg angrar! so skal du tilgjeva han.
5 Apostlane sa til Herren: Gjev oss meir tru!
6 Herren svara: Hadde de tru som eit senapskorn, so kunde de segja til dette morbærtreet: Rykk deg upp og røt deg i havet! og det skulde lyda dykk.
7 Um nokon av dykk hev ein dreng som pløgjer eller gjæter, segjer han til han når han kjem heim frå marki: Kom straks og set deg til bords?
8 Segjer han ikkje heller: Stell til kveldsmaten åt meg, bind upp klædi dine og gakk meg til handa medan eg et og drikk! sidan kann du eta og drikka?
9 Takkar han vel drengen for di han gjorde det som han var fyresagd? Eg trur ikkje det.
10 Soleis de og; når de hev gjort alt som var sagt dykk, so seg: Me er uturvande tenarar! Me hev ikkje gjort anna enn det som var skyldnaden vår.
11 Medan han var vegen til Jerusalem og for midt imillom Samaria og Galilea,
12 bar det so til at han gjekk inn i ein liten by, og der kom det imot han ti mann som hadde spillsykja; dei vart standande eit langt stykke undan,
13 og ropa høgt: Jesus, meister, gjer sælebot oss!
14 Jesus vart var dei, sa han til dei: Gakk og dykk fram for prestane! Og medan dei var vegen, hende det at dei vart reine.
15 Ein av dei kom attende han såg han var lækt; han lova Gud med høg røyst,
16 og kasta seg å gruve framfor føtene hans og takka han; det var ein samaritan.
17 tok Jesus til ords og sa: Vart dei ikkje reine alle ti? Kvar er dei ni?
18 Var det ingen utan denne framande som kom attende og vilde gjeva Gud æra?
19 So sa han til mannen: Statt upp og gakk heim att! Trui di hev hjelpt deg.
20 Farisearane spurde han ein gong når Guds rike skulde koma. svara han dei so: Guds rike kjem ikkje so at ein kann sjå det for augo.
21 Ein kann ikkje heller segja: Sjå her er det! eller: Der er det! For Guds rike, det er inni dykk.
22 Sidan sa han til læresveinane: Det kjem ei tid de skal stunda etter å sjå ein av dei dagane Menneskesonen råder, men de skal ikkje sjå det.
23 Dei kjem til å segja til dykk: Sjå der er han! Sjå her! Gakk ikkje der burt, og fylg ikkje etter dei!
24 For liksom ljonet, når det kjem, skin frå himmelbrun til himmelbrun, soleis skal det vera med Menneskesonen den dagen han kjem.
25 Men fyrst lyt han lida mykje, og denne ætti skal skjota han ifrå seg.
26 Og som det var i Noahs dagar, so skal det og vera den tidi Menneskesonen kjem:
27 dei åt, dei drakk, dei gifte seg, dei vart burtgifte, alt til den dagen Noah gjekk inn i arki; kom storflodi og tynte alle i hop.
28 Eller som det var i Lots dagar: dei åt, dei drakk, dei kjøpte, dei selde, dei planta, dei bygde;
29 men den dagen Lot tok ut frå Sodoma, regnde det eld og svovel frå himmelen og tynte dei alle.
30 same vis skal det vera den dagen Menneskesonen syner seg.
31 Er nokon den dagen uppå taket og hev sine ting nedi huset, so han ikkje stiga ned og henta dei; heller ikkje den som er utpå marki, ganga heim att.
32 Kom i hug kona åt Lot!
33 Den som freister å berga livet sitt, skal missa det, og den som misser det, skal vinna det att.
34 Eg segjer dykk: Den natti skal det liggja tvo i ei seng; den eine skal hentast, og hin setjast att.
35 Tvo kvinnor skal mala same kverni; den eine skal hentast, og hi setjast att.
36 Tvo skal vera utpå marki; den eine skal hentast, og hin setjast att.
37 tok læresveinane til ords og sa: Kvar, Herre? Han svara: Der liket er, der vil ørnane sankast innåt.