Bible

Connect

With Your Congregation Like Never Before

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Luke 15

:
Norwegian - NO1938N
1 Alle tollmenn og syndarar heldt seg nær innåt Jesus og lydde han.
2 Men farisearane og dei skriftlærde murra og sa seg imillom: Den mannen tek imot syndarar og et i lag med dei!
3 sa han dei denne likningi:
4 Um ein av dykk hev hundrad sauer og misser ein av dei, let han ikkje dei ni og nitti vera att i beitemarki og gjeng av og leitar etter den han hev mist, til han finn han?
5 Og når han hev funne han, er han glad og tek han herdane sine;
6 og med same han kjem heim, kallar han i hop vener og grannar og segjer til dei: Gled dykk med meg! Eg hev funne sauen eg hadde mist.
7 Eg segjer dykk: Soleis er det gleda i himmelen yver ein syndar som vender um, meir enn yver ni og nitti rettferdige som ikkje treng umvending.
8 Eller um ei kvinna hev ti sylvpeningar og misser ein av dei, kveikjer ho ikkje ljos og sopar huset og leitar trottugt til ho finn han?
9 Og når ho hev funne han, kallar ho i hop vener og grannkonor og segjer: Gled dykk med meg! Eg hev funne peningen eg hadde mist.
10 Soleis, segjer eg dykk, vert det gleda Guds englar yver ein syndar som vender um.
11 So sa han: Det var ein gong ein mann som hadde tvo søner.
12 Den yngste av dei sa til faren: Far, lat meg den luten av buet som fell meg! So skifte han midelen millom dei.
13 Det var ikkje mange dagane lidne, so samla den yngste sonen alt sitt og for langt burt til eit anna land. Der gav han seg i ulivnad og øydde upp det han åtte.
14 han hadde sett til alt, vart det uår og svolt der i landet, og han tok til å lida naud.
15 So tydde han seg til ein av mennene i landet, og han sende han ut markene sine; der skulde han gjæta svin.
16 Og han var huga til å fylla buken sin med skolmene som svini åt av, og ingen gav han noko.
17 gjekk han i seg sjølv og sa: Kor mange leigekarar heime hjå far min hev ikkje fullt upp av mat, medan eg held å svelta i hel her!
18 Eg vil taka i veg og ganga heim til far min og segja til han: Far, eg hev synda mot himmelen og mot deg!
19 Eg er ikkje verd å kallast son din lenger; lat meg vera som ein av leigekarane dine!
20 So tok han i vegen og gjekk heim til far sin. Medan han endå var langt burte, vart far hans var han, og ynkast inderleg; han sprang imot han og kasta seg um halsen han og kysste han.
21 Og sonen sa: Far, eg hev synda mot himmelen og mot deg; eg er ikkje verd å kallast son din lenger!
22 Men faren sa til tenarane sine: Kom snøgt med ein klædning, den gildaste her er, og hav han, og lat han ring fingeren og skor føtene!
23 Henta so den gjødde kalven og slakta han, so vil me halda måltid og vera glade!
24 For denne sonen min var daud og hev livna upp att, var burtkomen og er attfunnen. So tok dei til å halda gaman.
25 Den eldste sonen var utpå marki. han gjekk heimetter og kom burtimot huset, høyrde han spel og dans.
26 Han ropa ein av drengene og spurde kva det skulde tyda.
27 Bror din er komen, svara drengen, og far din hev slakta den gjødde kalven, for di han fekk han frisk heim att.
28 vart han harm og vilde ikkje ganga inn. Far hans kom ut og tala blidt til han;
29 men han svara far sin so: No hev eg tent deg so mange år og aldri gjort imot ditt ord, og meg hev du aldri gjeve so mykje som eit kje, so eg kunde gleda meg i hop med venene mine.
30 Men når han kjem denne son din, som hev ete upp midelen din i lag med skjøkjor, slaktar du gjødkalven åt han.
31 Du er allstødt hjå meg, barnet mitt, svara faren, og alt som mitt er, er ditt.
32 Men no skulde me vera glade og fegne; for denne bror din var daud og hev livna, var burtkomen og er attfunnen!