1No var Josva gamal vorten og ut i åri komen, og Herren sa til han: No er du gamal og langt fram i åri; men endå er det ovmykje land att å taka.
2Det som er att, er alle filistarbygdene og heile Gesuritarlandet;
3for alt som ligg millom Sihor austanfor Egyptarland og Ekronskiftet i nord, skal reknast til Kana'an, både dei fem filistarfyrstane i Gasa og Asdod og Askalon og Gat og Ekron, og avitane.
4So er det i sud heile Kana'anitarlandet, og Meara, som høyrer sidonarane til, til Afek, til skiftet med amoritane,
5og Giblitarlandet og heile austsida av Libanon, frå Ba'al-Gad nedunder Hermonfjellet til Hamatvegen,
6alle dei som bur i fjellbygdene, frå Libanon til Misrefot-Ma'im, alle sidonarane. Sjølv vil eg driva dei ut for Israels-borni. Men lat no Israels-borni kasta lut um dei bygdene dei skal få til odel og eiga, soleis som eg hev sagt deg fyre!
7Skift ut dette landet til dei ni ættene og den eine helvti av Manasse-ætti.
8Saman med Manasse-ætti hadde rubenitane og gaditane fenge odelslandet sitt, det som Moses gav dei på austsida av Jordan, soleis som Moses, Herrens tenar, gav dei det:
9alt som ligg nordanfor Aroer innmed Arnonåi, og den byen som ligg midt i dalen, og heile Medbasletta radt til Dibon,
10og alle byane åt Sihon, amoritarkongen, han som hadde kongssætet sitt i Hesbon, radt til skiftet med Ammons-borni,
11og Gilead og Gesuritarlandet og Ma'akatitarlandet og heile Hermonfjellet og heile Basan alt til Salka -
12heile riket åt Og i Basan, han som hadde kongssætet sitt i Astarot og Edre'i; han var den siste som var att av refa'itane, og Moses vann yver dei og dreiv dei ut.
13Men Israels-borni dreiv ikkje ut gesuritane og ma'akatitane; dei hev vorte buande millom Israels-folket alt til denne dag.
14Det var berre Levi-ætti han ikkje gav noko odelsland; eldofferi åt Herren, Israels Gud, er deira odel, soleis som han hadde lova dei.
15Fyrst let Moses Rubens-borni få sin lut etter ættgreinene deira.
16Dei fekk landet nordanfor Aroer innmed Arnon og byen som ligg midt i dalen, og heile sletta kring Medba,
17Hesbon og alle byane som tilhøyrde og låg på sletta: Dibon og Bamot-Ba'al og Bet-Ba'al-Meon
18og Jahsa og Kedemot og Mefa'at
19og Kirjata'im og Sibma, og so Seret-Hassahar på berget i dalen
20og Bet-Peor og Pisgalidene og Bet-Hajesimot
21og alle byane på sletta og heile riket åt Sihon, amoritarkongen, som hadde kongssætet sitt i Hesbon - det var han som Moses vann yver same gongen som han felte Midians-hovdingane, Evi og Rekem og Sur og Hur og Reba, som var jarlane åt Sihon og hadde bustad der i landet;
22og Bileam Beorsson, spåmannen, var og millom dei falne, dei som Israels-borni drap med sverdet.
23Fylkesdeilet åt Rubens-borni fylgde Jordanåi; ho var skifte. Dette var det landet Rubens-borni og ættgreinene deira fekk til odel og eiga med byar og bygder.
24So let Moses Gads-ætti - Gads-borni - få sin lut etter ættgreinene deira.
25Det dei fekk, var Jaser og alle byane i Gilead og helvti av Ammonitarlandet alt til Aroer, som ligg midt for Rabba,
26so landet deira rakk frå Hesbon til Ramat-Hammispe og Betonim og frå Mahana'im til Debirbygdi;
27og i dalen fekk dei Bet-Haram og Bet-Nimra og Sukkot og Safon, det som var att av riket åt Sihon, kongen i Hesbon. Alt dette låg på austsida av Jordan, og fylkesdeilet fylgde Jordan heilt upp til sudenden av Kinneretsjøen.
28Dette var det landet Gads-borni og ættgreinene deira fekk til odel og eiga med byar og bygder.
29Sidan gav Moses land åt halve Manasse-ætti, so dei og - den eine helvti av Manasse-borni - fekk sin lut etter ættgreinene sine.
30Dei fekk landet burtanfor Mahana'im: heile Basan - heile riket åt Og, kongen i Basan - og alle tjeldbyane åt Ja'ir i Basan, seksti byar,
31og helvti av Gilead, og Astarot og Edre'i, kongebyane åt Og i Basan. Alt dette fekk borni åt Makir, son åt Manasse, helvti av Makirs-borni og ættgreinene deira.
32Dette var den odelsjordi Moses luta ut på Moabmoane austanfor Jordanåi, midt for Jeriko.
33Men Levi-ætti gav han ikkje noko odelsland. Herren, Israels Gud, er deira odel, soleis som han hadde lova dei.