Joshua 12NO1938N

1Dei kongane austanfor Jordan som Israels-borni vann yver og tok landet frå millom Arnonåi og Hermonfjellet, med alle moane i aust,

2det var fyrst Sihon, amoritarkongen, som budde i Hesbon og rådde yver landet nordanfor Aroer innmed Arnonåi - frå midt i åi - og yver helvti av Gilead til Jabbokåi, som er landskilet mot Ammons-borni,

3og yver moane på austsida, upp til Kinneretsjøen og ned til Moavatnet eller Saltsjøen, burt imot Bet-Hajesimot og sud under Pisgalidene;

4so var det riket åt Og, kongen i Basan, ein av dei som var att av kjempefolket; han budde i Astarot og Edre'i

5og rådde yver fjellbygdene kring Hermon og yver Salka og yver heile Basan, til landskilet mot gesuritane og ma'akatitane, og yver helvti av Gilead til landskilet mot Sihon, kongen i Hesbon.

6Det var dei som Moses, Herrens tenar, og Israels-borni hadde vunne yver; og Moses, Herrens tenar, hadde late rubenitane og gaditane og den eine helvti av Manasse-ætti få landet deira til eigedom.

7Og dei kongane som Josva og Israels-borni vann yver i landet vestanfor Jordan, frå Ba'al-Gad i Libanonsdalen til det nakne fjellet som ris upp imot Se'ir - det landet som Josva gav Israels-ættene til eigedom etter greinene deira -

8i fjellbygdene og på låglandet og på moane og i lidene og i øydemarki og i sudlandet, landet åt hetitane og amoritane og kana'anitane og ferisitane og hevitane og jebusitane,

9det var: Kongen i Jeriko, ein, kongen i Ai, som ligg tett med Betel, ein,

10kongen i Jerusalem, ein, kongen i Hebron, ein,

11kongen i Jarmut, ein, kongen i Lakis, ein,

12kongen i Eglon, ein, kongen i Geser, ein,

13kongen i Debir, ein, kongen i Geder, ein,

14kongen i Horma, ein, kongen i Arad, ein,

15kongen i Libna, ein, kongen i Adullam, ein,

16kongen i Makkeda, ein, kongen i Betel, ein,

17kongen i Tappuah, ein, kongen i Hefer, ein,

18kongen i Afek, ein, kongen i Lassaron, ein,

19kongen i Madon, ein, kongen i Hasor, ein,

20kongen i Simron-Meron, ein, kongen i Aksaf, ein,

21kongen i Ta'anak, ein, kongen i Megiddo, ein,

22kongen i Kedes, ein, kongen i Jokneam innmed Karmel, ein,

23kongen i Dor på Dorhøgdene, ein, kongen yver Gojim attmed Gilgal, ein,

24kongen i Tirsa, ein, i alt ein og tretti kongar.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Joshua 12.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.