1Då Jabin, kongen i Hasor, fekk spurt dette, sende han bod til Jobab, kongen i Madon, og til kongen i Simron og kongen i Aksaf
2og dei andre kongane der nord, i fjellbygdene og på moane sunnanfor Kinneret og på låglandet og på Dorhøgdene utmed havet -
3til kana'anitane, både i aust og i vest, og til amoritane og hetitane og ferisitane og jebusitane i fjellbygdene og hevitane nedunder Hermon, i Mispalandet.
4Då tok dei ut med alle herane sine, ein hop so tett som sanden på havsens strand, med hestar og vogner i haugetal.
5Alle desse kongane sette einannan stemna og for til Meromvatnet; der lægra dei seg alle i hop og vilde stridast med Israel.
6Då sa Herren til Josva: Ver ikkje redd dei! I morgon dette bel legg eg dei alle drepne framfor augo åt Israel. Du skal skjera av hasane på hestane deira og brenna upp vognene!
7Josva og heile heren hans kom brått yver dei ved Meromvatnet og tok på dei.
8Og Herren gav dei i Israels hender; Israels-borni vann yver dei og sette etter dei alt til Stor-Sidon og Misrefot-Ma'im og i aust alt til Mispedalen, og hogg dei ned, so ingen vart att eller slapp undan.
9Og Josva for åt med dei som Herren hadde sagt til han; hestane deira skar han hasane av på, og vognene brende han upp.
10Med so gjort snudde han um og tok Hasor og hogg ned kongen som budde der; for Hasor var fyrr i tidi hovudstaden for alle desse riki.
11Dei bannstøytte byen og tynte med odd og egg kvart mannsbarn som der fanst; det vart ikkje levande liv att. Josva brende upp Hasor;
12sidan tok han alle dei andre kongebyane med kongane deira og øydde dei med odd og egg; han bannstøytte dei, soleis som Moses, Herrens tenar, hadde sagt han fyre.
13Men ingen av dei byane som låg der på kvar sin haug, sette israelitane eld på; det var berre Hasor Josva brende upp.
14Og alt herfanget og bufeet Israels-borni tok i desse byane, eigna dei til seg; men folki tynte dei med odd og egg, til dei hadde rudt dei ut; dei sparde ikkje eit einaste liv.
15Det som Herren hadde sagt Moses, tenaren, sin fyre, det hadde Moses sagt til Josva, og etter det gjorde Josva; han gløymde ikkje noko av alt det Herren hadde sagt til Moses.
16Soleis tok Josva heile dette landet, både fjellbygdene og heile sudlandet og heile Gosenlandet og låglandet og moane og fjellbygdene i Israel og flatlandet som ligg nedunder dei,
17frå det nakne fjellet som ris upp imot Se'ir, til Ba'al-Gad i Libanonsdalen, nedunder Hermonfjellet; og alle kongane der fanga han og slo dei i hel.
18I lang tid låg Josva i strid med alle desse kongane.
19Det fanst ingen by som gav seg under Israels-borni med det gode, utan hevitane i Gibeon; alt hitt tok dei med makt;
20for Herren laga det so at dei gjorde seg harde i hugen og møtte Israel i strid, av di han vilde at dei skulde bannstøytast og ingen nåde få, men øydast ut, soleis som han hadde sagt til Moses.
21I den same tidi kom Josva og rudde ut anakitane i fjellbygdene, i Hebron og Debir og Anab og i alle fjellbygdene både i Juda og i Israel. Han bannstøytte både dei og byane deira.
22Ingen anakit vart att i Israelslandet, berre dei som var i Gasa og Gat og Asdod, fekk leva.
23So tok då Josva heile landet, heilt upp soleis som Herren hadde sagt til Moses, og let israelitane få det til odel og eiga etter sine ættgreiner og ætter. Etter denne ufreden fekk landet ro.