1Då Adoni-Sedek, kongen i Jerusalem, fekk spurt at Josva hadde teke Ai og bannstøytt byen og gjort like eins med Ai og kongen der som med Jeriko og den kongen, og at Gibeon-buane hadde gjort fred med israelitane og var i hop med dei,
2då vart han og mennene hans livande redde; for Gibeon var ein stor by, som ein kongestad, og større enn Ai, og alle mennene der var djerve herfolk.
3So sende Adoni-Sedek, kongen i Jerusalem, bod til Hoham, kongen i Hebron, og til Piream, kongen i Jarmut, og til Jafia, kongen i Lakis, og til Debir, kongen i Eglon, og sa:
4Kom upp til meg og hjelp meg, so skal me taka på Gibeon-folket for di dei hev gjort fred med Josva og Israels-borni!
5Då kom dei i hop desse fem amoritarkongane, kongen i Jerusalem og kongen i Hebron og kongen i Jarmut og kongen i Lakis og kongen i Eglon, og for imot Gibeon med alle herane sine; og dei kringsette byen og vilde taka han.
6Men Gibeon-mennene sende bod til Josva i Gilgallægret og sa til han: Slå ikkje handi av tenarane dine! Kom upp til oss so fort du kann, og berga oss og hjelp oss! For alle amoritarkongane som bur i fjellbygdene, hev slege seg i hop imot oss.
7So tok Josva ut frå Gilgal med alt herfolket og alle kjempone sine.
8Og Herren sa til han: Ver ikkje redd dei! Eg gjev dei i dine hender. Ikkje ein av dei skal vera mann til å standa seg mot deg.
9Josva kom brått yver dei, etter han hadde vore på vegen frå Gilgal heile natti.
10Og Herren sette ein støkk i dei, so dei rauk reint for Israel attmed Gibeon. So sette Josva etter dei på vegen som ber upp til Bet-Horon, og hogg dei ned for fot, alt til Aseka og Makkeda.
11Som dei no rømde for israelitane og rett no var komne burt i Bet-Horonkleivi, sende Herren store steinar nedyver dei frå himmelen, so dei stupte daude burtetter heile vegen til Aseka; det var fleire som sette til av haglsteinane enn som Israels-borni felte med sverdet.
12Den gongen ropa Josva til Herren, då Herren gav amoritane i Israels vald, og han sa so heile Israel høyrde det: Statt still, du sol, i Gibeon, dryg, måne, i Ajalons dal!
13Og soli stana, og månen stod til folket hadde fenge hemn yver fiendane sine. So veit me det stend skrive i «Boki åt den rettvise». - Soli vart standande midt på himmelen og drygde mest ein heil dag, fyrr ho gjekk ned.
14Og aldri anten fyrr eller sidan hev det vore nokon dag som denne, då Herren lydde eit manneord. For Herren stridde for Israel.
15So for Josva med heile Israel attende til Gilgallægret.
16Dei fem kongane rømde og løynde seg i helleren attmed Makkeda.
17Men folk kom og sa til Josva: Dei hev funne dei fem kongane; dei hadde løynt seg i Makkedahelleren.
18Då sa Josva: Velt store steinar attfor hellermunnen og set nokre menner til å halda vakt der!
19Men sjølve må de ikkje stana. Set etter fienden og hogg ned dei som er attarst i ferdi! Lat dei ikkje få koma inn i byane sine! For Herren dykkar Gud hev gjeve dei i dykkar hender.
20Då no Josva og Israels-borni hadde slege fiendane i søkk og kav og gjort reint ende på dei, so berre nokre få slapp undan og fekk berga seg inn i dei faste byane,
21so kom heile heren uskadd attende til Josva i lægret attmed Makkeda, og det fanst ingen som torde knysta mot nokon av Israels-borni meir.
22Då sa Josva: Tak burt stengslet frå helleren og før dei fem kongane ut til meg!
23So vart gjort; dei førde dei fem kongane ut til han or helleren, kongen i Jerusalem og kongen i Hebron og kongen i Jarmut og kongen i Lakis og kongen i Eglon.
24Og då dei hadde ført desse kongane ut til Josva, kalla han saman alle Israels-menner og sa til herhovdingane som hadde fylgt han i striden: Kom hit og set foten på nakken åt desse kongane! Då steig dei fram og sette foten på nakken deira.
25Og Josva sa til dei: De skal ikkje ottast og ikkje fæla! Ver sterke og djerve! For soleis vil Herren gjera med alle fiendar de kjem i strid med.
26Då han hadde sagt det, hogg han til kongane og drap dei og hengde dei upp på kvart sitt tre, og der vart dei hangande til kvelds;
27men solegladsbel let Josva folki sine taka dei ned frå trei og kasta dei inn i den helleren dei hadde løynt seg i, og det vart lagt store steinar attfor hellermunnen; dei steinane ligg der den dag i dag.
28Same dagen tok Josva Makkeda og øydde byen med odd og egg og bannstøytte både kongen og kvart mannsbarn som der fanst; han let ingen vera att eller sleppa undan og for like eins åt med Makkeda-kongen som han hadde gjort med kongen i Jeriko.
29Frå Makkeda for Josva med heile Israel til Libna. Han tok på Libna,
30og Herren gav den byen og i Israels hender, og like eins kongen deira. Josva øydde byen med odd og egg og tynte kvart liv som fanst der; han let ingen vera att eller sleppa undan, og med kongen for han åt som han hadde gjort med kongen i Jeriko.
31Frå Libna for Josva med heile Israel til Lakis. Han slo læger utanfor byen og tok på han.
32Og Herren gav Lakis i Israels hender. Andre dagen tok dei byen og øydde han med odd og egg og tynte kvart liv som fanst der, heilt upp soleis som dei hadde gjort med Libna.
33Då kom Horam, kongen i Geser, og vilde hjelpa Lakis. Men Josva hogg ned både han og mennene hans, so ingen vart att eller slapp undan.
34So for Josva med heile Israel frå Lakis til Eglon. Dei slo læger utanfor byen og søkte på han;
35og dei tok han same dagen og øydde han med odd og egg. Den dagen bannstøytte Josva kvart liv som fanst i Eglon, heilt upp soleis som han hadde gjort med Lakis.
36Frå Eglon for Josva med heile Israel upp til Hebron. Dei søkte på byen
37og tok han og øydde med odd og egg både byen og bygdene ikring og tynte kongen og kvart liv som fanst der, so ingen vart att eller slapp undan. Josva for i alle måtar like eins åt som han hadde gjort med Eglon, og bannstøytte byen med kvart liv som der var.
38Sidan vende Josva seg mot Debir med heile Israel. Han søkte på byen
39og tok både den og kongen som budde der, og alle bygdene ikring. Dei øydde alt med odd og egg og bannstøytte kvart liv som fanst der, so ingen vart att eller slapp undan. Josva for like eins åt med Debir og kongen der som han hadde gjort med Hebron, og som han hadde gjort med Libna og kongen der.
40Soleis tok Josva heile landet, både fjellbygdene og sudlandet og låglandet og lidene, og slo i hel alle kongane som budde der; han let ingen vera att eller sleppa undan, men bannstøytte kvart levande liv, so som Herren, Israels Gud, hadde sagt han fyre.
41Alt som fanst millom Kades-Barnea og Gasa, og heile Gosenlandet alt til Gibeon slo han under seg.
42Og alle desse kongane og riki deira vann han yver med ein gong; for Herren, Israels Gud, stridde for Israel.
43Sidan for Josva med heile Israel attende til Gilgallægret.