Joshua 9NO1938N

1Då dei fekk spurt dette alle kongane som budde vestanfor Jordan, i fjellbygdene og på flatlandet og langsetter heile havstrandi til midt for Libanon - hetitane og amoritane og kana'anitane og ferisitane og hevitane og jebusitane -

2so slo dei seg i hop alle som ein mann og vilde strida mot Josva og Israel.

3Gibeon-buane fekk og høyra kva Josva hadde gjort med Jeriko og Ai.

4Då fann dei på ei sløg råd: Dei tok ut på ei ferd og lest vera sendemenner; det dei førde med seg på asni sine, hadde dei i gamle sekker og gamle vinhitar, som var sprukne og bøtte.

5Dei hadde gamle, lappa skor på føtene og gjekk med slitne klæde; og alt nistebrødet deira var turt og smuldra.

6Soleis kom dei til Josva i lægret attmed Gilgal og sa til han og Israels-mennene: Me kjem frå eit land som ligg langt burte. Vil de ikkje gjera samband med oss?

7Men Israels-mennene sa til hevitane: De bur vel helst her tett innmed oss; korleis kann me då gjera samband med dykk?

8Då sa dei til Josva: Me vil vera tenarane dine. Josva spurde: Kven er de, og kvar kjem de frå?

9Dei svara: Tenarane dine er komne langt, langt burtantil frå eit anna land for det ordet skuld som gjeng um Herren din Gud; for då me høyrde gjete han og fekk spurt alt det han hadde gjort i Egyptarland,

10og alt det han hadde gjort med båe amoritarkongane austanfor Jordan, Sihon, kongen i Hesbon, og Og, Basan-kongen, som budde i Astarot,

11då sa styresmennene våre og heile landslyden til oss: Nista dykk ut og far til møtes med dei og seg til dei: Me vil vera tenarane dykkar; vil de ikkje gjera samband med oss?

12Her ser de brødet vårt; det var varmt då me tok det med oss heimantil den dagen me for i veg og vilde finna dykk; men sjå no kor turt og smuldra det er!

13Og her ser de vinhitane; då me fyllte dei, var dei nye; men no er dei sundsprukne! Og her ser de klædi og skorne våre; dei hev vorte utslitne på denne endelause ferdi.

14Då tok Israels-mennene og smaka på nista deira, men spurde ikkje Herren til råds.

15Og Josva gjorde fred og samband med dei og lova dei livet, og hovdingane yver lyden gjorde eiden på det same.

16Men tri dagar etter dei hadde gjort samband med Gibeon-folket, fekk dei vita at dei åtte heime i grannelaget og budde tett innmed dei.

17For då Israels-borni tok ut att, kom dei tridje dagen til byane deira; det var Gibeon og Hakkefira og Be'erot og Kirjat-Jearim.

18Men dei slo ikkje folket der i hel, av di hovdingane hadde svore dei trygd ved Herren, Israels Gud. Då mukka heile lyden mot hovdingane.

19Men hovdingane tala til lyden og sa: Me hev svore dette folket trygd ved Herren, Israels Gud, og no kann me ikkje leggja hand på dei.

20Høyr no kva me vil gjera med dei: Me vil spara livet deira og ikkje brjota den eiden me svor dei; for då kallar me Guds vreide ned yver oss.

21Dei lyt få leva, sa hovdingane, men dei skal vera vedhoggarar og vassberarar for heile lyden. Og det vart som hovdingane sa.

22Og Josva kalla Gibeon-buane fyre seg og sa til dei: Kvi narra de oss og sa at de åtte heime langt burte, og so bur de tett innmed oss!

23No skal de vera forbanna! Ingen av dykk skal få sleppa utor trældomen; de skal allstødt hogga ved og bera vatn til huset åt min Gud.

24Då svara dei Josva so: Det vart sagt tenarane dine for visst at Herren din Gud hadde lova Moses, tenaren sin, å gjeva dykk heile landet og rydja ut for dykk alle som budde der; då vart me so redde for livet vårt; difor gjorde me dette.

25Men no er me i dine hender; far åt med oss som du tykkjer det er godt og rett!

26Då gjorde han det so med dei; han berga dei for Israels-borni, so dei ikkje vart drepne;

27men samstundes sette han dei til å hogga ved og bera vatn for lyden og til altaret, på den staden Herren vilde velja seg ut, og det hev dei gjort alt til denne dag.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Joshua 9.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.