1No skal me nemna dei bygdene som Israels-borni fekk til odel og eiga i Kana'anslandet, og som Eleasar, presten, og Josva Nunsson og hovdingane yver Israels-ættene luta ut åt dei
2og let dei kasta lut um, soleis som Moses hadde sagt dei frå Herren. Det var halvtiande ætt som då fekk land;
3for halvtridje ætt hadde Moses gjeve land på hi sida Jordan, men levitane hadde han ikkje gjeve noko odelsland millom dei.
4Josefs-borni var tvo ætter, Manasse og Efra'im; og levitane fekk ingen lut i landet, anna enn nokre byar til å bu i, med beitemarker åt feet og bølingane deira.
5Som Herren hadde sagt Moses fyre, so gjorde Israels-borni og skifte landet.
6Då gjekk Juda-borni fram for Josva i Gilgal, og Kaleb Jefunneson av Kenas-ætti sa til han: Du veit kva Herren sa til Moses, gudsmannen, um meg og deg då me var i Kades-Barnea.
7Eg var fyrti år gamal då Moses, Herrens tenar, sende meg ut frå Kades-Barnea til å njosna i landet, og då eg kom attende, sa eg frå um alt, som eg best skyna det.
8Brørne mine, som hadde vore med meg, skræmde folket so dei vart modlause, men eg heldt meg trutt etter Herren min Gud.
9Og same dagen lyste Moses desse ordi: Det landet du hev sett foten din i, skal sant og visst høyra deg og borni dine til i all æva, for di du heldt deg so trutt etter Herren min Gud.
10Og no ser du at Herren hev gjort som han lova; han hev late meg leva fem og fyrti år sidan han tala desse ordi til Moses, all den tid som Israel ferdast i øydemarki, og no er eg fem og åtti år gamal.
11Endå er eg likso sterk som eg var den dagen Moses sende meg ut, og likso før både til strid og til mitt daglege yrke.
12So lat meg no få denne fjellbygdi som Herren tala um den dagen; for du høyrde sjølv den gongen at anakitane bur der, og at der er store byar med høge murar ikring. Men eg trur visst Herren vil vel vera med meg, so eg fær drive dei ut, soleis som han hev sagt.
13Då velsigna Josva Kaleb Jefunneson og gav han Hebron til odel og eiga.
14Soleis var det Kaleb Jefunneson av Kenas-ætti fekk Hebron, og sidan hev den eigedomen fylgt ætti hans alt til denne dag, for di han heldt seg so trutt etter Herren, Israels Gud.
15Hebron heitte fyrr Kirjat-Arba; Arba var den største mannen millom anakitane. Då var det ende på ufreden, og landet fekk ro.