Bible

Engage

Your Congregation Like Never Before

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Joel 3

:
Norwegian - NO1938N
1 Og sidan skal det henda at eg vil renna ut min Ande yver alt kjøt, og dykkar søner og døtter skal tala profetord; dei gamle hjå dykk skal hava draumar, ungdomen dykkar skal sjå syner;
2 jamvel yver trælane og trælekvendi vil eg renna ut min Ande i dei dagane.
3 Teikn let eg te seg himmel og jord: blod og eld og røykkvervlar.
4 Soli skal verta til myrker, og månen til blod, fyrr han kjem, Herrens dag, den store og skræmelege.
5 Men kvar ein som kallar Herrens namn, skal verta frelst; for Sions fjell og i Jerusalem skal finnast ein flokk av undankomne, so som Herren hev sagt, og til den utfria flokken høyrer dei som Herren kallar.
6 For sjå, i dei dagane og det belet, når eg gjer ende fangetidi for Juda og Jerusalem,
7 vil eg samla alle heidningfolk og føra dei ned i Josafatsdalen, og der vil eg halda dom yver dei for Israel skuld, mitt folk og min odel, av di dei spreidde dei millom heidningane og skifte mitt land;
8 um mitt folk kasta dei lut, dei gav ein gut for ei skjøkja, ei gjenta selde dei for vin, og den drakk dei upp.
9 Og de, Tyrus og Sidon, og alle Filistarlands bygder, kva er det de vil meg? Er det noko de vil gjeva meg lika for, eller vil de gjera meg eitkvart? Snøgt og brått let eg det de hev gjort, koma att dykkar eige hovud.
10 De som tok sylvet og gullet mitt og førde mine dyraste skattar til templi dykkar,
11 og Judas og Jerusalems born selde de til Javans-borni, so de skulde dei langt burt frå sitt land.
12 Sjå, eg ropar dei fram att frå den staden de selde dei til, og let det de hev gjort, koma att dykkar eige hovud.
13 Eg skal selja dykkar søner og døtter til Juda-borni, og dei skal selja dei til sabearane, eit folk som bur langt undan; for Herren hev tala.
14 Ropa dette ut millom heidningfolki, bu dykk til ein heilag krig, ropa kjempone, lat alle hermenner koma og draga ut!
15 Smid hakkone um til sverd og hageknivane til spjot! Veiklingen segje: Eg er ei kjempa.
16 Skunda dykk og kom, alle de heidningfolk rundt ikring, og samle dykk i hop! Dit late du, Herre, dine kjempor stiga ned!
17 Heidningfolki skal vakna og fara til Josafatsdalen; for der vil eg sitja til doms yver folki rundt ikring.
18 Send sigden ut, for grøda er mogi! Kom og trakka, for persa er full, persekjeri fløymer med saft, vondskapen deira er stor.
19 Flokk flokk samlar seg i domsdalen. For nær er Herrens dag i domsdalen.
20 Sol og måne svartnar, og stjernone løyner sin glans.
21 Herren skal bura frå Sion og lata røysti si ljoma frå Jerusalem, og himmel og jord skal bivra; men Herren er ei livd for sitt folk og ei vern for Israels-borni.
22 Og de skal sanna at eg er Herren dykkar Gud, som bur Sion, mitt heilage fjell; Jerusalem skal vera ein heilag stad, og framande skal aldri meir trengja seg inn der.
23 Det skal verta so den dagen at det dryp med druvesaft fjelli og renn yver med mjølk haugane, og alle bekker i Juda fløymer med vatn; ei kjelda vell fram frå Herrens hus og vatnar Sittimsdalen.
24 Egyptarland skal verta ei audn og Edom ei øydemark for valdsverki deira mot Juda-borni, for di dei hev rent ut skuldlaust blod i landet sitt.
25 Men Juda skal sitja æveleg trygt, og Jerusalem frå ætt til ætt.
26 Og eg vil hemna deira blod, det som eg ikkje fyrr hev hemnt. Og Herren bur Sion.