Amos 1NO1938N

1Dei ordi som Amos, ein av hyrdingane frå Tekoa, fekk i sine syner um Israel i dei dagane då Ussias var konge i Juda og Jeroboam Joasson konge i Israel, tvo år fyre jordskjelven.

2Han sa: Herren skal bura frå Sion og lata røysti si ljoma frå Jerusalem; då skal hyrding-lidene syrgja, og Karmels topp verta svidd.

3So segjer Herren: For tri misgjerningar av Damaskus, ja for fire tek eg det 'kje att - for di dei treskte Gilead med sledar av jarn;

4men eg sender eld mot Hasaels hus, han skal øyda slotti åt Benhadad;

5so bryt eg sund portbommen åt Damaskus og ryd ut dei som bur i Avendalen, og han som ber kongsstav, i Bet-Eden; og Syria-folket skal førast til Kir, segjer Herren.

6So segjer Herren: For tri misgjerningar av Gasa, ja for fire tek eg det 'kje att - for di dei førde alt folket burt og gav dei i Edoms vald;

7men eg sender eld mot Gasas murar, han skal øyda slotti der;

8so ryd eg ut dei som bur i Asdod, og han som ber kongsstav, i Askalon; eg vender mi hand mot Ekron, og den siste filistar skal verta tynt, segjer Herren, Israels Gud.

9So segjer Herren: For tri misgjerningar av Tyrus, ja for fire tek eg det 'kje att - for dei gav alt det burtførde folket i Edoms vald og ikkje kom i hug si brorpakt;

10men eg sender eld mot Tyrusmuren, han skal øyda slotti der.

11So segjer Herren: For tri misgjerningar av Edom, ja for fire tek eg det 'kje att - for di han elte bror sin med sverd og kjøvde sin samhug, og stødt let sin vreide rasa og alltid heldt på sin harm;

12men eg sender eld imot Teman, han skal øyda slotti i Bosra.

13So segjer Herren: For tri misgjerningar av Ammons-borni, ja for fire tek eg det 'kje att - for di dei riste upp barnkonor i Gilead då dei vilde auka sitt land;

14men eg kveikjer eld i Rabbas mur, han skal øyda slotti der, medan herropet ljomar på ufredsdagen, og stormen rasar på hardversdagen;

15i utlægd lyt kongen deira fara, både han og hovdingane hans, segjer Herren.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Amos 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.