Joel 2NO1938N

1Blås i lur på Sion, blås alarm på mitt heilage fjell! Alle som bur i landet, skjelve! For Herrens dag kjem - han er nær,

2ein dag med myrker og dimma, ein dag med skyer og skodd, breidd ut yver fjelli som morgonrode - eit stort og sterkt folk, som det aldri hev vore maken til og aldri heller kjem maken til i åri heretter, frå ætt til ætt.

3Framfyre det et elden upp, og etter kjem brennande logen; framfyre det er landet som Edens hage, og etter det er det ei øydemark; ingen ting kann berga seg undan.

4Som hestar er dei å sjå til, og som ridarar renner dei av stad.

5Det glamrar nett som av vogner når dei hoppar burtyver høgste fjelli, det læt som når logen frasar i halm, dei er som eit sterkt folk, fylkt til strid.

6Folkeslag skjelv når dei ser det; alle vert eldande raude i andletet.

7Som kjempor renner dei av stad, som stridsmenner stormar dei murar; kvar ein fer vegen sin ende fram og tek ikkje utor leidi.

8Ingen trengjer den andre burt, kvar fylgjer sin eigen veg; millom kastespjot rusar dei fram og stoggar ikkje i laupet.

9I byen sviv dei ikring, på muren spring dei, i husi kjem dei seg upp, gjenom vindauga bryt dei seg inn som tjuvar.

10Jordi skjelv framfyre dei, og himmelen bivrar; sol og måne svartnar, og stjernone løyner sin glans.

11Herren let høyra si røyst framfyre si fylking, for ovstor er heren hans, og sterk er hans ærendsvein; for stor er Herrens dag og skræmeleg - kven held han ut?

12Men jamvel no, so segjer Herren, vend um til meg med heile dykkar hjarta, med fasta og gråt og syrgjelæte!

13Riv sund dykkar hjarta og ikkje klædi! Vend um til Herren dykkar Gud! For han er nådig og miskunnsam, langmodig og rik på miskunn, han angrar det vonde.

14Kven veit? Kann henda han snur og angrar og legg ei velsigning etter seg, til matoffer og drykkoffer for Herren dykkar Gud.

15Blås i lur på Sion, lys ei heilag fasta, ropa ut ei samlingshøgtid!

16Samla folket, lys ei heilag samling, få dei gamle i hop, samla småborni, ja sogborni med! Lat brudgomen ganga or koven sin og bruri ut or sitt rom!

17Millom forhall og altar skal dei standa, prestane, Herrens tenarar, og gråta og segja: Spar, Herre, folket ditt, og lat ikkje din eigen odel verta til spott og spe, so heidningar fær råda yver han! Kvi skal dei segja millom folki: Kvar er deira Gud?

18Då vert Herren ihuga for sitt land, og han sparer sitt folk.

19Og Herren svarar og segjer til sitt folk: Sjå, eg sender dykk korn og druvesaft og olje, so de kann mettast av det; og eg skal ikkje lenger gjera dykk til spott millom folki.

20Fienden frå Norderland driv eg langt burt ifrå dykk og jagar han av til eit turt og øyde land, hans fortropp til havet i aust og hans baktropp til havet i vest; og vondt skal det dåma av han, ja ilt skal det tevja; for altfor store ting hev han teke seg fyre.

21Ikkje ottast, du land, men fagna deg og ver glad! For storverk hev Herren gjort.

22Ikkje ottast, de dyr på marki! For no grønkar graset på heidi, og trei ber frukt, fiketre og vintre gjev no si kraft.

23Og de Sions-born, fagna og gled dykk i Herren dykkar Gud! For han gjev dykk læraren til rettferd; so sender han regn ned til dykk, haustregn og vårregn, fyrst.

24Treskjevollane vert fulle med korn, og persone fløymer med druvesaft og olje.

25Og skadebot gjev eg for alle dei år då grashoppen herja, og sleikjaren og skavaren og gnagaren med, min store her, som eg sende imot dykk.

26De skal få eta og verta mette og lova namnet åt Herren dykkar Gud, han som hev stelt so underfullt med dykk, og aldri i æva skal folket mitt skjemmast.

27Og de skal merka at eg bur midt i Israel, og at eg er Herren dykkar Gud, og ingen annan; og aldri i æva skal folket mitt skjemmast.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Joel 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.