Joel 1NO1938N

1Herrens ord som kom til Joel Petuelsson:

2Høyr dette, de som gamle er! Lyd etter, alle som bur i landet! Hev sovore hendt i dykkar tid eller i tidi åt federne dykkar?

3De skal fortelja um det til borni dykkar, og dykkar born til sine born, og deira born til ei ætt som kjem.

4Det som gnagaren leivde, åt grashoppen upp, det som grashoppen leivde, åt sleikjaren upp, og det som sleikjaren leivde, åt skavaren upp.

5Vakna, de drukne, og gråt og jamra dykk, alle de vindrikkarar, av di druvesafti er rivi frå munnen dykkar.

6For eit folk hev fare yver landet mitt, sterkt og utan tal; tennene deira er som løvetenner, og jakslar hev dei som løvebinna.

7Vintrei mine hev dei snøydt, og fiketrei hev dei brote ned; dei hev flekt dei reint og hivt dei; greinene hev vorte kvite.

8Barma dykk som ei møy som gjeng syrgjeklædd for sin ungdoms brudgom!

9Matoffer og drykkoffer er kvorvne frå Herrens hus; prestane, Herrens tenarar, syrgjer.

10Åkrar er øydde, jordi syrgjer; for kornet er øydt, druvesafti hev torna burt, oljen er kvorven.

11Bøndene er vonbrotne, vingardsmennene jamrar seg; for kveite og bygg, grøda på marki, er tynt.

12Vintreet hev torna upp, og fiketreet hev visna; granatepletreet, palma og apalen, alle tre på marki hev torna upp; ja, all fagnad er kvorven frå manneheimen.

13Klæd dykk i syrgjebunad og øya, de prestar! Jamra dykk, de som tener ved altaret! Gakk inn og sit heile natti i syrgjebunad, de min Guds tenarar! For dykkar Guds hus lyt sakna matoffer og drykkoffer.

14Lys ut ei heilag fasta, ropa ut ei samlingshøgtid, få dei gamle i hop, ja alle som bur i landet, til Herrens, dykkar Guds hus og ropa til Herren!

15Å for ein dag! For Herrens dag er nær og kjem som vald frå den Allveldige.

16Vart ikkje maten burte medan me såg på, gleda og frygd frå vår Guds hus?

17Såkornet ligg innturka under jordskorpa; buri er tome, løone nedrivne, for kornet er øydelagt.

18Kor buskapen styn! Ukseflokkane fer redde ikring, for det finst ikkje beite åt dei; jamvel saueflokkane lyt lida.

19Til deg, Herre, ropar eg; for elden hev øydt beitelandet i heidi, og logen hev brent upp alle tre på marki.

20Jamvel dyri i marki styn etter deg; for bekkefari er turre, og elden hev øydt beitelandet i heidi.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Joel 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.