Hosea 14NO1938N

1Samaria skal bøta av di det hev vore trassigt mot sin Gud; for sverd skal dei falla, småborni deira skal verta krasa, og barnkonone deira skal ristast upp.

2Vend um, du Israel, til Herren din Gud! For med di misgjerning hev du ført deg i fall.

3Kom med [audmjuke] ord og vend um til Herren! Seg til han: Forlat all misgjerning og tak imot det gode me kann gjeva - lat oss betala med uksar, med lippone våre!

4Assur skal ikkje hjelpa oss, på hestar skal me ikkje rida, og me skal ikkje meir segja: Vår Gud! til det som hendene våre hev gjort. For det er hjå deg den farlause fær miskunn.

5Eg vil lækja deira fråfall, eg vil elska dei av hjarta; for vreiden min hev vendt seg ifrå dei.

6Eg skal vera som dogg for Israel; han skal bløma som ei lilja, og røta seg skal han som Libanonskogen.

7Renningane hans skal breida seg vidt utyver, det skal blenkja av lauvet som av oljetreet, og anga skal han som Libanon.

8Dei som bur i skuggen hans, skal atter avla korn og bløma som vintreet; minnet um han skal vera som vin ifrå Libanon.

9Efra'im! Kva skal eg med avgudar meir? Eg vil bønhøyra han og sjå til han; eg er som ein grøn cypress, det skal syna seg at di frukt kjem frå meg.

10Kven er so vis at han skynar dette, so vitug at han merkar seg det? For Herrens vegar er rette, og dei rettferdige ferdast på dei, men illgjerdsmenner snåvar der.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Hosea 14.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.