Hosea 13NO1938N

1Når Efra'im tala, vart alle fælne; høgt reis han i Israel; då førde han skuld yver seg med di han dyrka Ba'al og døydde.

2Og no held dei på med si synd og gjer seg støypte bilete av sylvet sitt, avgudar etter sitt eige vit, handverksarbeid alt saman; slike er det dei talar til - menneske som ofrar, kysser kalvar!

3Difor skal dei verta som morgonskyi, som doggi som tidleg kverv, liksom agner som vinden føykjer burt ifrå treskjestaden, og liksom røyk or ein ljore.

4Men eg er Herren din Gud alt ifrå Egyptarland, og nokon annan Gud enn meg veit du ikkje av, og nokon annan frelsar finst ikkje.

5Det var eg som hadde umsut for deg i øydemarki, i det brennheite landet.

6Av di beitet deira var godt, vart dei mette; og då dei var mette, vart dei høge i sin hug, og so gløymde dei meg.

7Då vart eg mot dei som ei løva; som ein leopard lurer eg innmed vegen;

8eg vil møta dei som ei binna som dei hev teke ungane ifrå, og riva sund bringa deira; eg vil eta dei upp som ei løvemor; villdyri i marki skal slita dei sund.

9Det hev vorte til tjon for deg, Israel, at du hev sett deg upp imot meg, eg som er di hjelp.

10Kvar er då kongen din, at han skulde kunna frelsa deg i alle byane dine, og domarane dine, som du sa um: Lat meg få konge og hovdingar?

11Eg gjev deg ein konge i min vreide, og eg tek han burt att i min harm.

12Misgjerningi åt Efra'im er samla i ein pung, syndi hans er gøymd.

13Rider som hjå ei kvinna i barnsnaud skal koma yver han. Han er ein uvitug son; når stundi er der, kjem han ikkje fram i fødsli.

14Or helheims vald vil eg fria dei, frå dauden vil eg løysa dei ut. Kvar er di sott, du daude? Kvar er din pest, du helheim? Anger er løynd for augo mine.

15For han ber frukt, der han stend millom brørne sine; men det kjem ein austanvind, eit Herrens ver, farande upp ifrå øydemarki; då vert brunnen hans tom, og kjelda hans tryt; han ranar heile skatten av kostnadting.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Hosea 13.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.