Hosea 12NO1938N

1Efra'im hev ringa meg inn med lygn, og Israels hus med svik; og Juda er endå agelaus mot Gud, mot den Heilage, den Trufaste.

2Efra'im trår etter vind, han fer etter austanver; all dagen dungar han i hop lygn og vald; dei gjer samband med Assur, fører olje til Egyptarland.

3Herren hev sak med Juda, og han skal heimsøkja Jakob for åtferdi hans, gjeva han lika for det han hev gjort.

4I morslivet heldt han bror sin i hælen, og i si manndomskraft drogst han med Gud.

5Ja, han drogst med engelen og vann; han gret og bad han um nåde; i Betel møtte han honom, og der tala han med oss.

6Og Herren, allhers Gud - Herren skal dei kalla han.

7Og du - til din Gud skal du venda um; hald fast på miskunn og rett, og bia stødt på din Gud!

8I handi åt Kana'an er falsk vekt; å gjera urett likar han.

9Og Efra'im segjer: Eg hev då vorte rik, eg hev vunne meg midel; men i alt mitt strev skal ingen vera god til å finna nokon urett - nokor synd.

10Men eg er Herren din Gud alt ifrå Egyptarland; eg vil endå lata deg bu i tjeldbuer liksom i høgtidsdagane.

11Eg hev tala til profetane, og eg hev late dei sjå syner i mengd, og gjenom profetane hev eg tala i likningar.

12Er no Gilead fullt av misgjerningar, so skal dei og verta reint til inkjes; hev dei ofra uksar i Gilgal, so skal og altari deira verta som steinrøysar frammed forene på marki.

13Jakob rømde til Aramlandet, Israel træla for ei kona - for å få seg ei kona gjætte han smalen.

14Men ved ein profet førde Herren Israel upp frå Egyptarland, og ved ein profet gjætte han det.

15Sår harm hev Israel valda; difor skal Herren lata blodskuldi hans koma yver han, og hans hæding skal han gjeva han lika for.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Hosea 12.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.