Hosea 11NO1938N

1Då Israel var ung, hadde eg han kjær, og ut or Egyptarland kalla eg son min.

2Di meir dei kalla på dei, di meir gjekk dei burt ifrå dei; dei ofrar til Ba'alane og brenner røykjelse for dei utskorne bileti.

3Og det var då eg som lærde Efra'im å ganga og tok dei på armane mine; men dei skyna ikkje at eg lækte dei.

4Med menneskesnorer drog eg dei, med kjærleiksreip; eg var for dei som lettar åket yver kjakane, og eg gav han mat.

5Han skal ikkje fara attende til Egyptarland, men Assur skal vera kongen hans; for dei vilde ikkje venda um.

6Sverdet skal rasa i byane hans og brjota bommane hans og eta ikring seg - for deira meinråder skuld;

7for folket mitt heng fast i sitt fråfall frå meg, og um nokon kallar dei til det høge, so er det ingen av dei som lyfter augo uppetter.

8Kor skal eg nenna gjeva deg upp, Efra'im, lata deg fara, Israel? Kor skal eg nenna gjeva deg upp som Adma, gjera med deg som med Sebo'im? Hjarta mitt snur seg i meg, all min medynk vaknar.

9Eg vil ikkje lata deg kjenna min brennande harm, eg vil ikkje tyna Efra'im ein gong til; for eg er Gud og ikkje eit menneske, den Heilage midt i deg; med vreide vil eg ikkje koma.

10Herren skal dei fylgja; han skal bura som ei løva; ja, han skal bura, og bivrande skal borni hans koma frå havet;

11bivrande skal dei koma som fuglar frå Egyptarland, som duvor frå Assurs land, og eg vil lata dei bu i husi sine, segjer Herren.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Hosea 11.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.