Hosea 10NO1938N

1Israel er eit frodigt vintre, som ber mykje frukt; di meir frukt han fekk, di fleire altar bygde han; di betre det gjekk for landet hans, di fagrare biletsteinar gjorde han seg.

2Hjarto deira var falske, no skal dei få bøta; han skal brjota ned altari deira og slå sund biletsteinane deira;

3ja, no må dei segja: Me hev ingen konge; for me hev ikkje ottast Herren, og kongen, kva kann vel han gjera for oss?

4Dei hev tala tome ord, svore falskt, gjort semja, og retten renn upp som forgiftigt ugras på åkerforene.

5For kalven i Bet-Aven er Samaria-buane ottefulle; ja, folket hans syrgjer yver han, og prestane hans skjelv for han - for herlegdomen hans, av di han er førd burt ifrå dei.

6Han og skal verta førd til Assur, ei gåva til kong Jareb; skam skal Efra'im henta seg, og Israel skal skjemmast for rådgjerdi si.

7Samaria-kongen skal kverva som ei treflis på vatnet.

8Øydast skal Avens offerhaugar, Israels synd; klunger og tistel skal renna upp på altari deira, og dei skal segja til fjelli: Gøym oss! og til haugane: Fall yver oss!

9Alt frå Gibea-dagane hev du synda, Israel! Der hev dei stade, men krigen mot nidingane hev ikkje nått dei i Gibea.

10Etter min hug vil eg tukta dei, og folkeslag skal samla seg imot dei, når eg bind dei fast til båe misgjerningane deira.

11Efra'im er ei upptamd kviga, som likar å treskja, men eg legg eit åk på den fagre halsen hennar; eg vil spenna Efra'im fyre, Juda skal pløgja, Jakob skal horva.

12Så dykk eit sæde, som rettferd krev, hausta etter kjærleiks lov, brjot dykk nybrot! For no er det tidi til å søkja Herren, til han kjem og let rettferd regna yver dykk.

13De hev pløgt gudløysa, urett hev de hausta, de hev ete lygne-frukt; for du hev sett lit til di åtferd og til dei mange kjempone dine.

14Difor skal det reisa seg ein stridsdun millom ættene dine, og alle borgene dine skal verta øydde, liksom Salman la Bet-Arbel i øyde på stridsdagen, då dei krasa både mor og barn.

15Slikt skal Betel føra yver dykk for dykkar store vondskap; når morgonen rodar, er det ute, reint ute med Israels-kongen.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Hosea 10.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.